Menuett i mai!!

Denne måneden har vi vært utsatt for mange saker, og jeg har valgt å rette skråblikket mitt på noen få. Fotballmillionærene får ha meg unnskyldt, men de tok kaka her på berget.

Kom mai, du skjønne milde.


 

Du veit, når ein skal ut i verda,
vert ikkje NRK med på ferda.
Medan eg sat i ein framand by,
var nyheita, magen til fru Sakorsy.
Kva nyheit var størst då kriser trua ?
Jau, at ein president har sett barn på frua.



Radko Mladic er ein ettersøkt mann,
ein krigsforbrytar ingen fann.
Titusen menneskje har han slakta,
då serbarar og kroatar kjempa om makta.
Her vart religion og politikk samanblanda,
slik ofte vert gjort i desse landa.

Men kva hender så i andedammen vår.
Jau, me ser at han Jens i hagen står.
Han har fått vitjing av ei and,
som likte Jens framfor sjø og strand.
Sin nye veljar han stolt syner fram,
Innvandringsstogg! skrik Siv i brann.

No har Stangeland på ny gått på grunn.
De veit, det er ikkje greitt med tronge sund,
når ein er van med færing på fjord,
kor vinden oftast bles friskt frå nord.
Men Stangeland, kvifor vitjar du alle skjær,
medan du fram på livsvegen fær ?

Fotball er ein underleg sport,
Ein pengemaskin av likaste sort.
Her står me rundt bana og skrik og gaular,
og spelarar rundt fotball og pengar aular.
Men dei vil ha meir, og dei går til streik.
Og me som trudde at fotball var leik.
28.05.2011.M-m.



Det stunder mot valg.


Ettersom det stunder mot valg kan det kanskje være på sin plass å minne om hva jeg skrev før valget i 2009.
Tror dere at vi får høre samme leksa opp igjen – vel, tida får vise. Man jeg tror ikke at politikerne har greidd å løse alt det de lovet for to år siden, haha.

 

Val  2009. 


I år er det endeleg stortingsval
og alle parti har sitt løfteutsal.
Nokon vil fjerna eigendomsskatten,
andre vil ta bort strafferabatten.
Oppvarma mat til skuleunger,
og fatigfolk skal sovna utan hunger.
Dei gamle skal stellast med varme hender,
og alle skal gratis få vølt sine tenner.
Barnehagebyggjing får ingen stopp,
Og sjukehusa skal vøla din skrantande kropp.
Nei, no skal det byggjast ei paradisverd

utan skilnad på lek og lærd.
Alt skal fungera ? frå vogga til grav,
du får det du treng ? utan klage og krav.
Men, trur du på orda og fleskefettet,
Kan dei verkjeleg få til alt dette ?
Nei, vent berre til hausten og valet er over
då spring dei lett bort frå alt det dei lover.
Løfter vert gløymt ? og tida går.

Er det nøye då, berre stemma di dei får.

06.09.209.M-m.

 

Kongen på haugen.

De siste tiders politiske kalamiteter har inspirert meg til noen rimord som for så vidt passer inn i 17-mai-settingen.
Ha en fin nasjonaldag alle mine lesere!


Google billedarkiv

Kongen på haugen.!


 

Det skulle delast ut krigskross med sverd,

og dette laut nyttast for kva det var verd.

Jens ville sjølv dela ut medaljen,

kongen skulle sparast for den detaljen.

Det gjeld å samla politisk æra.

Kongen får finna anna å gjera.

 

Grunnlovsdagen ventar me på.

Kven skal då folket sin hyldest få ?

Kven skal vinka frå slottsbalkongen ?

Vert det han Jens, eller vert det kongen?

Skitt ? kongen kan behalda audiensen,

om han får lov av Ap-Jens?en.

 

Av dette ? kva vert så konklusjonen ?

Jau, lett å snåva i konstitusjonen.

Nasjonalkjensle er ikkje partipolitikk,

no lyt han Jens læra folkeskikk.

Eller var han berre våryr og kåt,

og bar på ein draum som var altfor våt.

16.05.2011.M-m.

 

 

Maksver ved Måjøyflua.



Langt vest i det ytste havgapet sist laurdag i maksvær på fiske med to av borneborna.
Været, fiskelukka og dagen ga inspirasjon til desse orda.

Måjøyflua.

 

Du ligg der og skvalpar i sol og stille,

du er det aller ytste skjær.

I dag er værgudane snille,

vest for eit gamalt fiskevær.

 

Eg sit der og fiskar attmed skjæret.

No er det småseien som bit.

Eg nyt sola, sjøen og været.

I dag er livet slett ikke eit slit.

 

Måsen søm roleg rundt båten.

Han ventar på sin dagsrasjon.

Ventar på avfall frå fiskeflåten.

Han er kystens renovasjon.

 

Eg er i natura sitt store under,

kor verskiftet kjem frå dag til dag.

I går var både storsjø og dunder,

og skumsprøyt i høge himmeljag.

 

Måjøyflua kan læra oss dette,

ein dag i stille, den neste i storm.

Dagar med storsjø, og andre lette,

som livet sin varierande form.

 

Reis ikkje ut i den sterkaste stormen,

det er ikkje sikkert at båten ber.

Du skal ikkje overvurdera formen,

og kvifor skal då nett du vera der?

01.05.2011.M-m.

 

Fisk vart det også. Her løyser Magnus ei pale (sei) frå kroken.

Ha ei triveleg vårveke.

Vel overstått…



Fra Google billedarkiv.

Dette skulle nok ha vært satt inn før påske, men det ble snekret sammen i påskehelga – så, bedre sent enn aldri får vi si.
Kjenner noen seg igjen i noen av versene. Selv var jeg innom vers nr 3.

 

Påsketid.


 

No er det påsketid.

Dra opp til vidder og fjell.

Enno kan skia få litt gli,

men vinteren er på hell.

Hytteveggen er god og lun.

Sola steikjer, du vert nok brun.

 

No er det påsketid,

tid til å pussa båten.

Ver nøye og gjer deg flid,

snart skin fritidsflåten.

Skipparen kneiser på flytebrua,

med blankpussa KNA-merke i huva.

 

No er det påsketid,

tid til å stella din hage.

Ivrig til verket du skrid,

mosjon til rygg og mage.

Snart sprett opp or jorda,

vårens vakre fargeflora.

 

No er det påsketid,

sol og varmt i hytteveggen.

Avslappa og blid,

enno bit han ikkje, kleggen.

Nyt årstida i emning,

finn fram di påskestemning.

 

No er det påsketid.

Tid for refleksjonar.

Folk som finn sin kyrkjelyd,

og dyrker kristne relasjonar.

Minnast frelsaren på krossen,

han som temde syndefossen.

14.04.2011.M-m.

 

 

Svart natt og dag…

Dagen i dag er begredelig, med vind og regn, slik vi bare kan ha det her i bergensområdet. Men vi opplever nok denne gangen som tidligere at snart revner skydekket opp. og vi registrerer at det likevel finnes en sol over alt regnet.

Forresten er det dag for dekkskifte, nå skal bilen nyskodd gå vår og sommer i møte.

 


Google billedarkiv.

 

Svart natt.


 

Natta er mørk,

du vaknar brått,

med tankar som er like mørke.

Vrir deg uroleg,

utan svevn.

Sler på radioen,

svakt.

Mjuke tonar og småprat,

viskar bort mørkret,

og hentar fram att natteroa.

06.10.2009. M-m.

Exit Mars.



Google billedarkiv.

Mars 2011.

 

Starten av mars slo sanneleg gneistar,
me gløymde uver og politisk tull.
Det skulle kårast skiverdensmeistrar,
og skiessa våre tok mange gull.
Northugen sigla baklengs i mål,
og kveikte  svenske misunningsbål.

 

Brått vart det slutt på feiring og fred.

Eit monsterjordskjelv råka Japan.

Ei flodbylgje vart til eit ofseleg skred

som knuste alt den i vegen fann.

Tjuge tusen liv brått rivne bort,

tida frå lukke til sorg er ofte kort.

 

At meir skulle koma skjøna me fort.

Fekk me eit nytt ufredens år.

No vil folk ha tyrannar bort

og djervt dei mot undertrykkjing står.

Men motstandsfolk skal slaktast ned

og verda lyt prøva å skapa fred.

 

No gjeld det å hjelpa folk som lir,

og då lyt ein setja inn kuler og makt.

Tyrannen skal ribbast så det svir

under vestens Atlanterhavspakt.

Så lyt landet vårt ut att i strid

gje undertrykte ei betre tid.

 

Men kva hender så i andedammen?

Jau, her er skifta ut ein minister.

Spenstige steg ned slottstrammen

inn til oljedepartementets kister.

Me undrast, vert det billegare straum

eller druknast me framleis i taleflaum.

 

 Eg lyt visst leggja til enno eit vers.

Nakenfilming har kome for dagen.

I FRP er det full kommers

for bileta syner både rumpa og magen.

Sei og gjer kva du vil i politikken,

men hald deg langt unna erotikken.

 

FRP hadde eit regelverk,

saka vart ordna heilt etter boka.

Men media gav dei hovudverk

og litt etter litt så ramla broka.

Så då får dei andre partia håpa

at deira lik ligg trygt i skåpa.

 

Verda går dagleg sin skeive gong

og me sit trygt der oppe på lasset.

Gaular og skrik på vår klagesong,

velfødde, midt i velstandspalasset.

Men sjølv om det ille rundt deg går,

høyr fuglesongen, det er vår!

24.03.2011.M-m.

 

Er den langt unna???

Ettersom dere alle ser fram til, og skriver om en vår som – lik alle år – lar vente på seg, satte jeg meg ned og noterte noen moment etter en skrantende hukommelse. 


Kilde.: Google.

227. 1. April 2011.

Vinterfrosne kroppar lengtar mot vår.
No vil me endre fargen på bøen.
Sola som høgre på himmelen står,
tykkjes også vera lei av all snøen.

Du ruslar ut til blomehagen,
i von om å finna ei spira av vår.
Enn om det vert nett denne dagen,
at du framfor vårunderet står.

Det kramar i snøen, det dryp frå taka,
du kjenner ein underleg varme i kroppen.
Snart kan du gå ut og rydda og raka,
til fuglesongen frå bjørketoppen.

Du leitar fram vårkleda dine i skåpa
i lengt mot meir lettkledde dagar,
utan ullskjerf og vinterkåpa,
og utan at snøen og kulda plagar.

Men roa deg no, nyt dei fyrste signala,
tru ikkje at våren har kome til gards.
du vil enno ei stund med vinteren bala,
me er berre komen ut i mars.
21.03.2011.M-m.

 

Snakk, snikk og retorikk.


Bilde.: Dagbladet.no

I disse politiske ulvetider kan det gå i spinn rent retorisk for noen og enhver. Dersom en ikke tenker seg godt om kan gode retoriske poeng ende som retoriske magaplask.

Snakk, snikk og retorikk.


 

Retorikk en ein vanskeleg kunst,
i politikken ofte nytta.
Til å kapra veljargunst,
og få veljarane til å lytta.
Men ordkunsten kan gå i spinn,
og ein tapar meir enn vinn.

I Lofoten rår ein oljestrid,
her vil ein leita etter olje.
Dette gjev politisk splid
Korleis vert det med torsk og kolje.
Ein ting kan ministrane lova;
Vernast skal torskens fødestova.

Men så er det slik den same tida,
fødetilbodet skal reduserast.
Leve torskeyngel, la kvinner lida,
fødande kvinner kan transporterast.
Dei same som vern for torsken har lova
vil leggja ned kvinnenes fødestova.
17.03.2011.M-m.

 

Friaren.

 

Friaren.

Han lyser så klårt i kveld,
ned på den vintermørke jorda.
Han har pynta seg,
med ein stor og vakker ring.
Han er på friarferd,
til skifolket.
Månen.
13.03.2011. M-m.