Exit Mars.



Google billedarkiv.

Mars 2011.

 

Starten av mars slo sanneleg gneistar,
me gløymde uver og politisk tull.
Det skulle kårast skiverdensmeistrar,
og skiessa våre tok mange gull.
Northugen sigla baklengs i mål,
og kveikte  svenske misunningsbål.

 

Brått vart det slutt på feiring og fred.

Eit monsterjordskjelv råka Japan.

Ei flodbylgje vart til eit ofseleg skred

som knuste alt den i vegen fann.

Tjuge tusen liv brått rivne bort,

tida frå lukke til sorg er ofte kort.

 

At meir skulle koma skjøna me fort.

Fekk me eit nytt ufredens år.

No vil folk ha tyrannar bort

og djervt dei mot undertrykkjing står.

Men motstandsfolk skal slaktast ned

og verda lyt prøva å skapa fred.

 

No gjeld det å hjelpa folk som lir,

og då lyt ein setja inn kuler og makt.

Tyrannen skal ribbast så det svir

under vestens Atlanterhavspakt.

Så lyt landet vårt ut att i strid

gje undertrykte ei betre tid.

 

Men kva hender så i andedammen?

Jau, her er skifta ut ein minister.

Spenstige steg ned slottstrammen

inn til oljedepartementets kister.

Me undrast, vert det billegare straum

eller druknast me framleis i taleflaum.

 

 Eg lyt visst leggja til enno eit vers.

Nakenfilming har kome for dagen.

I FRP er det full kommers

for bileta syner både rumpa og magen.

Sei og gjer kva du vil i politikken,

men hald deg langt unna erotikken.

 

FRP hadde eit regelverk,

saka vart ordna heilt etter boka.

Men media gav dei hovudverk

og litt etter litt så ramla broka.

Så då får dei andre partia håpa

at deira lik ligg trygt i skåpa.

 

Verda går dagleg sin skeive gong

og me sit trygt der oppe på lasset.

Gaular og skrik på vår klagesong,

velfødde, midt i velstandspalasset.

Men sjølv om det ille rundt deg går,

høyr fuglesongen, det er vår!

24.03.2011.M-m.

 

10 kommentarer
    1. Takk for flott oppsummeringen av mars 2011, men savnet et vers om atom……kanskje ikke så lett å få noe til å rime på det.
      Ønsker deg en fin start på helgen.

    2. MojitaJeg kom på det atompoenget, men fant ut at jeg hadde nok vers for denne gangen. Men situasjonen endrer seg så kanskje det kan komme noen ord en annen gang. Jeg får evt prøve å vri til et rim.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg