Værsjuk idag !


Kilde.: pub.tv2.no

Idag er det regntjukt og skoddemørkt. Når så pumpesystemet mitt ikkje har dagen fann er ut at det kunne passa med norke ord om veret me har her vest.

Mørkeskodde.


Mørkeskodda, utriveleg og tett,

legg seg kaldt rundt deg og naturen.

Å finna vegen fram er ikkje lett,

du vert sitjande inne tung og sturen.


Mørkeskodda, tung og klam

har teke bustad inne i sinnet.

Ikkje ein tanke, ikkje eit ord kjem fram.

Alt er stengd inn i mitt minne.


Du lyt vona at det lettar,

at sola jagar mørkeskodda bort.

At  mørkret ikkje lenger hugen tettar,

Ja, då kjem dei løynde orda fort.


Då er ho der, gleda ved å skapa,

å få fram tankeflog og ord.

Du visste det, du kunne ikkje tapa

gleda bak ditt skrivebord.

25.09.2009.M-m.

5 kommentarer
    1. Emmieverlasting:Takk skal du ha. Det blir en opptur når jeg leser slikt. Jeg er jo litt spent og litt forfengelig i forhold til det jeg skriver. Du har kanskje liknende følelser når det gjelder din fotografering?

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg