Eller er det fleire som lir av same sykja, og ynskjer seg til ein slik stad ?
Etter ein haust kor dagar har minka,
kor bjørka i stormkast til lauvet har vinka.
Kor striregnet piska mot tak og rute.
Mest uråd for folk å vera ute.
Ja, så kom han, den blaute snøen.
Brått dekkjer han både stien og bøen.
Då lyt du ut å måka og styra,
og skunda deg innatt i huset og fyra.
Nei, dette er ikkje eit liv for oss gamle.
Glattisen gjer det lett å ramle,
og bryte både fot og arm.
Sit heller inne og hald deg varm.
Men kanskje fins eit alternativ,
når kaldfrosten inn i nasa di driv.
Du finn ein sumar sør i verda.
Pakk sekken, og gje deg ut på ferda.
Vel deg ut eit varmare land,
med blenkjande hav og solfylt strand.
Nyt nokre veker med sumar og sol,
og leskande drykk i ein campingstol.
Giktplager minkar i sumarvarmen.
Du kjenner det i kroppen og barmen.
Det lysnar i tankane og i sinnet,
og lenge ber du på sumarminnet.
Då vert mitt velmeinte råd til deg.
Finn deg eit reisemål, gjev deg i veg.
Reis bort frå ditt kaldslege vinterbol.
Ein stad i verda fins sumar og sol.
29.10.2011.M-m.












































