Bjørvika = Noregs Mekka ???

http://www.nrk.no/contentfile/file/1.806767!img806749.jpg
I dag ramla ein gamal stril mest ut av stolen.
Sonen til Thor Heyerdal forkynte at han no vurderer å flytte Kon-Tiki-flåten til Larvik. Ein av grunnane til flyttinga skal vera at ein no vurderer å flytta vikingskipa frå Bygdøy til Bjørvika, då han meiner at ei slik flytting desimerer det maritime museumsmiljøet såpass mykje at han då like godt kan flytta Kon Tiki til faren sin fødeby Larvik, som tek imot prosjektet med opne armar.
La oss for guds skuld vona at det ikkje går slik. La både vikingskipa og Kon Tiki vera der dei no er, og behald det maritime mijøet på Bygdøy. Eit av problema er beskreve som veg- og parkeringsplassproblem, og så står der visst ein kongsgard der ute som lyt vernast frå – gud veit kva.
For det fyrste trengst det vel ikkje motorvegstandard utover til musea, og kongsgarden kunne vel kanskje vera ein del av opplevinga når ein køyrer ut over Bygdøy.
Nei, la oss som kjem frå den galne sida av Sinsenkrossen finna eit samla maritimt miljø der det no er og la Bjørvika klara seg med opera og bibliotek (dersom det ikkje bikkar ned i fjorden, skeivt som det er).
Min inkvisitoriske teori om denne irrasjonelle flytteplanen er at det er ein eller annan politikar eller høgtståande kulturperson som har funne seg ei tomt til ei statue eller minneplate som skal minna ettertida om kven som fekk til flytteoperasjonen.
La Bygdøy få behalda sine attraksjonar.

Sydentur i februar.

Ein tur ned til Syden i februar
kom sanneleg til å krevja sin kar.
Heime var det snø og kaldt
og alle vegar var strødde med salt.

På flyet nedover kom stemninga opp.
Konjakk og vin tinte frostig kropp.
Karane skraut og vitsa
og kjerringane opna si latterkista. 

Omsider me kom til det forjetta land
me sprang ut or flyet alle mann.
For at det ikkje skulle verta kluss,
vart me geleida til vår buss.

God orientering vart gjeven om bord,
Og sjølvsagt var me komen til beste staden på jord.
Romma var fine og utstyret godt,
dette teikna til å bli flott.

Men når det så stunda mot natt
skulle me ta senga fatt.
To ullteppe var alt me fekk
og no var varmen og hyggja vekk.

 Fraus det gjorde me heile natta
kjerringa skalv som ein knapt kan fatta.
Tok på seg alt ho hadde av klær,
men den mergande kulda hadde sett seg der. 

Dagen etter kom febertokta.
Sengklær og kona av feber var fukta.
Doktor vart bodsendt, men ikkje prest.
Det var bronkitt,  ikkje pest.

No kom det medisin i bøtter  og spann,
og midt i det heile ein fortumla mann.
Men feberen heldt seg og kulda med,
og gubben ynskte han kunne fyra med ved. 

Dagane gjekk med sjukdom og kaldt,
du høyrde at folk klaga over alt.
Men kjerringa kråna med seg til slutt
og då fekk ferien ein annan futt. 

Sola om dagen tina vår skrott
så på den tida hadde me det godt.
Men ein ting reklamen ikkje vil syna,
natta er kald ta med deg dyna.
14.02.2009.M-m..

Leksehjelp

Som leksehjelper i Askøy Røde Kors regi er jeg to dager hver uke engasjert med å støtte elever i grunn – og ungdomsskolen med leksearbeidet.
Vi er i gang på fem skoler, en dag pr uke pr skole. Leksehjelpsøkta varer 2 – 3 timer og elevene får en matbit i løpet av økta. Stort sett jobber elevene individuelt. men de sitter fire og fire sammen og kan hjelpe hverandre etter behov.
Antall elever for hvert tiltak varierer mellom 20 og 50. For en elevgruppe på 25 har vi 4 støttepersoner. Dette kan være lærere. studenter og pensjonister o,a som jobber frivillig og gratis.
Selv er jeg pensjonist og finner leksehjelparbeidet veldig givende. De som kommer på leksehjelpen er stort sett elever som finner et sted å være, og som setter pris på den støtten de får, såvel sosialt som faglig.
Behovet for viderutvikling av aktiviteten er stor, så jeg mener at det er vktig at at såvel lokale som sentrale politikere vil gi økonomisk støtte til tiltakene. Jeg har også en appell til det lokale næringslivet om å støtte virksomheten.
Det koster litt å drive aktiviteten og kostnadene må dekkes inn.
Nå vil jeg appellere til elever som synes at dette høres ut å være en fornuftig aktvitet i lokalmiljøet om å jobbe for at det settes igang tiltak, enten i skolens eller private oganisasjners regi.
Til voksne som får greie på at slik aktivitet finnes i lokalmiljøet, meld dere på som støttespillere, det er utrolig tilfredsstillende å føle at en gjør noe positivt for barn og unge som trenger en faglig eller sosial hndsrekning.
.

Stakkars Martin.

No står det dårleg til med han Martin Kolberg. Kona hans klagar visst over at det vert for lite til salt i grauten.
Kr 697.000 er visst ikkje nok til å halda familieekvipasjen i drift. No lyt han Jens skøyta på med 2 – 300.000 slik at Kolbergen ikkje skal koma i fatigstatistikken dette året.
Meir arbeid og større ansvar er visst grunnlaget  for appanasjeauken. Ja, det er ikkje så greitt når ein har heile landet og Jens på okslene sine. Ja, og så har alle dei andre ein samanliknar seg med betre inntekter. Eg tenkjer då på Jens, Helga, og så Torbjørn då. Han tener visst millionar nede i Europa – endå utan å skatta for det.!
Er det rart at Martin kjenner seg tilsidesett i desse likelønstider ?
Nei, gjev han så det monnar, så han ikkje svelt, så får heller me som er med på å spleisa på lønsfesten prøva å halda liv i oss med smulane dei unnar oss i pensjon.
Til sist, me greier oss med snaue  20% av Martin si nye inntekt. Me lyt det !

Vinterstemning

Et lite minne fra det første snøfallet før jul. Utrolig nok har vi mye av den snøen ennå, men den var nok ikke så ren og pen nå. Men Vårherre tenkte på det og, for i natt sendte han oss 5 cm nysnø, så idag er landskapet vakkert og hvitt igjen.
Det holder med 5 cm – måking er ikke min sterkeste side.
Etter vel en måned med utrolig og sjeldent vintervær her vest har enkelte begynt å mumle om at nå har vi hatt dette været for lenge – de lengter visstnok etter "sønnavind og vatn".
Hold kjeft og nyt de gode dagene. Vi får tidsnok slite på paraplyen her i bergensdistriktet.

Javel hr president

Javel herr president.

Ja, no har han Jens greidd det Kristin & Co har prøvd på i alle år , nemleg å skaffa landet ei meir moderne styringsform. Me har ei stund skjøna at kongemakta har vore under press frå ymse kantar, både frå utsida og innsida.
Så, etter siste stortingsval fann Jens at tida for endring var inne, og han utnemnde ein eigen samordningsminister. Han skal ha fleire funksjonar.
Fyrst og fremst skal han vel prøva å samla all den sprikande stauren han Jens har på ryggen sin. Så skal han halda auga med alt som rører seg i krinsen rundt han Jens, og kviskra Jens i øyra kva som rører seg i staurerøysa. Sist og ikkje minst skal han spreia informasjon ut til folket, sjølvsagt berre slik informasjon som folket toler å høyra.
Kva kongen seier til denne degraderinga veit vi ikkje, han plar ikkje la oss ta del i tankane sine, men kanskje me kan vona nokre ord om det i nyttårstalen.
Stortinget rasla litt med våpna, men ettersom Jens har kontroll med det meste av bølingen der,vart det berre eit slag i lause lufta.
Dette var berre nokre tankar som dukka fram no ved nyttårsleitet. Korleis Jens & Co vil videreføra denne kostitusjonelle overgangen vert spanande å sjå, men eg ser fram til utviklinga i saka. Her kan det, komande år, verta mykje underhaldning for almugen.
Apropos årsskiftet, me går no inn i året totusenogti, ikkje tjugeti. Det har vårt Kongelege Språkråd vedteke. Eg som tenkte at det naturlege ville vera å seia tjugeti ettersom me, til eksempel, sa nittennitti i tidlegare tider.
Jaja, min logikk samsvarer tydelegvis ikkje med språkrådet sin!
Likevel vil eg ynskja så vel kongen, som Jens og språkrådet eit godt og fredfylt totusenogti.
M-m.

Vårlengt

36. Vårlengt.

Ventar du på sol og vår.
Har du venta lenge no ?
Snart høgare oppe sola står,
og nører deg ei lita glo.

Ventar du på varme dagar
som vekkjer sjel og kropp?
Kanskje framtida seg lagar,
slik at du tinar opp.

Ventar du på ein ven,
ein som er deg kjær.
Ser du at han mot deg kjem ?
Snart så er han nær.

Ventar du på fred i sinnet,
fridd frå tunge stunder ?
Stunder som sit fast i minnet
då du mest gjekk under.

På ein ting skal du vera klår.
Ditt liv formar du sjølv.
Du haustar alltid det du sår.
Lukka kjem ikkje på ei fjøl.

Skøytetull

Nå holder Bøkko & Co på å gjøre skøytesporten uinteressant for meg. Har han ikke fått med seg grunnen til at Mueller er kastet som hovedtrener ? Sextrakkassering mot Maren Haugli er alvorlig. I stedet for å krangle seg til å beholde Mueller burde han ta skikkelig avstand fra den gamle trenerens oppførsel.
Maren Haugli må bare stå på. Deg vil jeg følge i OL. Lykke til !!