Månelanding på Mongstad


Har de høyrt slikt storveges nytt,

no skal det landast på månen att.

Han Jens har vore ute og skrytt

i champagnerus ei nyttårsnatt.

 

Det har seg slik at i landet vårt

det fløymer av olje og gass.

Men brenn ein olja ein treng så sårt

kan klimaet vårt gå i dass.

 

Til no har me løyst problemet lurt.

Me sel gassen til andre land.

Der svir dei han av og gjer klimaet surt

og me stikk vårt hovud i sand.

 

Men no skal det verta ein annan dans.

Fandenskapen skal fangast opp.

Takk vera Jens sin solide finans

skal utsleppa no få ein stopp.

 

Men, månelanding er skrekkeleg dyr.

Fleire titals milliardar er spådd.

Og framleis gift ut or pipene spyr

Utan at månen og målet er nådd.

 

Vert det ei månelanding på ny,

eller vert det eit mageplask ?

Vil framtida by på ei reinare sky

Eller lyt me slita med nedfall og anna rask.

 

Berre Jens kan gje svaret her.

Han sit på pengesekken

Torer han bruka pengane der

Eller vil han brenna sjekken?

24.03.2010.M-m.

2 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg