Mørkeskodde.

I dag henger tåka tett over oss og de syv fjell rundt byen vår.
Når tåka kommer, kommer også noen tanker og assosiasjoner.

Mørkeskodda, utriveleg og tett,

legg seg kaldt rundt deg og naturen.

Å finna vegen fram er ikkje lett,

eg vert sitjande inne tung og sturen.

 

Mørkeskodda, tung og klam

har teke bustad inne i sinnet.

Ikkje ein tanke, ikkje eit ord kjem fram.

Alt er stengd inn i mitt minne.

 

Eg lyt vona at det lettar,

at sola jagar mørkeskodda bort.

At  mørkret ikkje lenger hugen tettar,

Ja, då kjem dei løynde orda fort.

 

Då er ho der, gleda ved å skapa,

å få fram tankeflog og ord.

Du visste det, du kunne ikkje tapa

gleda bak ditt skrivebord.

25.09.2009.M-m.

5 kommentarer

Siste innlegg