Kommer våren ?

Ventar du på sol og vår.

Har du venta lenge no ?

Snart høgare oppe sola står,

og nører deg ei lita glo.

 

Ventar du på varme dagar

som vekkjer sjel og kropp?

Kanskje framtida seg lagar,

slik at du tinar opp.

 

Ventar du på ein ven,

ein som er deg kjær.

Ser du at han mot deg kjem ?

Snart så er han nær.

 

Ventar du på fred i sinnet,

fridd frå tunge stunder ?

Stunder som sit fast i minnet

då du mest gjekk under.

 

På ein ting skal du vera klår.

Ditt liv formar du sjølv.

Du haustar alltid det du sår.

Lukka kjem ikkje på ei fjøl.

09.03.2009.M-m.

2 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg