I går vart pensjonisten overraska av sola som dukka litt uventa fram. Den vanlege turen i skogen lokka meg ikkje i går.
Nei ein bytur i vårsola vart programmert inn og her er noko av det eg fekk med meg på turen.
Fyrst såg eg at påskeliljene lyste opp på Festplassen, og vassfontena var også komen i gong for sesongen. I bakgrunnen kan me så vidt skimta ulriksmasta under skya.
Eg trur at Christian Michelsen står nøgd på sokkelen sin og kikkar ned på blomestasen.
Kva denne måseflokken langsmed Lungegårdsvatnet ventar på vei eg ikkje…Mat kanskje?
Så nærmar me oss Fisketorget som er delvis nedlagt til fordel for ein ny fiskehall. Her, med ryggen til torget ser me oppover mot Kjøttbasaren,Fløybanen og Skansen.
Snur me oss andre vegen finn me den nye fiskehallen til venstre, men det var helst eit par – tre generasjonar av båtar eg ville visa dykk her…
Til sist eit glimt av to lande/sjømerker, Bryggen og Statsråden, men disse har eg vel vist dykk tidlegare.
Når eg tenkjer meg om er de kanskje lei av alle desse bybileta mine, skal freista å begrensa meg i framtida.
Etter den fine dagen i går plagar vårherre oss i dag med kulig og regn. Kva gale har me no gjort som vert straffa på dette viset.
Ha ein god dag i trua på at skodde og regn forsvinn!