Godversinspirasjon…

I går vart pensjonisten overraska av sola som dukka litt uventa fram. Den vanlege turen i skogen lokka meg ikkje i går.
Nei ein bytur i vårsola vart programmert inn og her er noko av det eg fekk med meg på turen.

Fyrst såg eg at påskeliljene lyste opp på Festplassen, og vassfontena var også komen i gong for sesongen. I bakgrunnen kan me så vidt skimta ulriksmasta under skya.

Eg trur at Christian Michelsen står nøgd på sokkelen sin og kikkar ned på blomestasen.

Kva denne måseflokken langsmed Lungegårdsvatnet ventar på vei eg ikkje…Mat kanskje?

Så nærmar me oss Fisketorget som er delvis nedlagt til fordel for ein ny fiskehall. Her, med ryggen til torget ser me oppover mot Kjøttbasaren,Fløybanen og Skansen.
 
Snur me oss andre vegen finn me den nye fiskehallen til venstre, men det var helst eit par – tre generasjonar av båtar eg ville visa dykk her…

Til sist eit glimt av to lande/sjømerker, Bryggen og Statsråden, men disse har eg vel vist dykk tidlegare.
Når eg tenkjer meg om er de kanskje lei av alle desse bybileta mine, skal freista å begrensa meg i framtida.

Etter den fine dagen i går plagar vårherre oss i dag med kulig og regn. Kva gale har me no gjort som vert straffa på dette viset.
Ha ein god dag i trua på at skodde og regn forsvinn!

4 kommentarer
    1. Godt du fikk nyte goværet i går da:)det var utrolig vakre bilder og det kan en da ikke bli lei av.
      Det var skikkelig grønt og fint og nydelig blomstring i tillegg 🙂 håper du får en fin dag i dag også da selv om sola glimrer med sitt fravær

    2. Fine bilete frå ein fin og nyvaska by. Forstår ikkje kvifor Vårherre sette i gang med storvask att i dag. Sitt rolig i godstolen, og ha ein fin dag!

    3. Pedro: Nei, sitja i ro kan me ikkje no i påsketider. Me trassa regn og kuling og drog ut på Alvheim. Store under…Her skin sola – om enn truga av vasskyene…Ha ein fin dag i tigerstaden.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg