Julesnopet var i butikken i september. Var ikkje det litt for seint ? For jula er jo allereie i desember, Å tapa sal ville vera altfor kleint.
I oktober ljoma fyrste julesongen frå leikebutikken nede i gata. Den minna oss om julekvelden den gongen, medan nissar delte ut småsnop og prata.
No i november er det nesten krise. Jul på andre sida av kalenderbladet. I øyret høyrest ei kjend julevise om at det snart er tid for julebadet.
Og gåvene då, kva gjer me med dei? Jau, nokon kjøper, andre strikkar utan ein desemberjulegåveståhei. Men julafta fyk gubben rundt i gåvebutikkar.
Kjem han i mål på si planlause ferd, vert det ei god og fredeleg jul? Tja, om starten var tidleg, kom jula brått der, og prinsessa sine englar dala ned i skjul. 07.11.2014.M-m.
Google. For eit par år sidan rabla eg ned nokre tankar rundt det å koma fram dit ein har tenkt seg. Utgangspunktet var bilen, men her kan tanken spinna vidare,,,
Hjulspinn.
Millionar av hjul trillar på verdas vegar. Kvar skal dei? Nokre hjul aukar stadig farten. Kjem ut or kontroll, endar i grøfta.
Andre hjul kjem ut på glatten. Tapar grepet endar i grøfta.
Så er det dei som brukar rå kraft. Dei spinn, kjem ingen veg.
Dei når måla sine som trillar roleg, velstyrd, og med omtanke. 13.12.2012.M-m.
Kjetta ligg og søv i stolen, timevis utan å lea på bolen. Gubben sit planta i godstolen sin, snorkar som ein sliten turbin.
Så fer kjetta ut etter mat, og remjer over tomme fat. Gubben ser etter kaffikoppen, på tida å få litt fart i kroppen.
Snart er kjetta goddemt og mett, attende til stolen i snarleg retrett. Men gubben dukkar ned i sin blogg. Kven har i dag stilt seg klar for hogg.
Kjetta ligg snart og «mel» på puta. og haustsola smilar bleikt gjennom ruta. Gubben spøkar med budsjettet til Siv, Ja, det skal anamma strid og kiv.
Kjetta drøymer om fuglejakt, om kor godt ein stare skulle smakt. Gubben skriv om avgift og skatt, og regjeringa sin veg som vart så bratt.
Men ei som nyt livet er den gamle katta. Søv heile dagen, jaktar om natta. For gubben har nok jakta tatt slutt. Pennen er våpenet, ikkje kuler og krutt. 04.11.2014.M-m.
Der har dere greidd det. Sendt et tydelig signal til kvinner som måtte bli innkalt til å avtjene verneplikten i forsvaret. “Dere får finne dere i å bli behandlet på full linje med mannlige vernepliktige. Dere skal bl a kunne bli beordret til å bade nakne sammen med mannlige medsoldater selv om dere absolutt ikke ønsker det. Kilde.: Sol.no
Alice Asplund opplevde nettopp det under en øvelse for tre år siden. Til tross for heftige protester måtte hun strippe av seg og bade (vaske seg) naken foran 35 soldater pluss befal. Er det greitt ? Kunne hun ikke fått utført sin bading litt ute av synet for medsoldatene når hun så klart uttrykte ønske om det? Det syntest både medsoldater og forsvaret, og befalet som beordret henne fikk derfor en refs for forholdet. Det refsede befalet anket refsavgjørelsen til Forsvarets klagenemd og har nå fått medhold. Hva innebærer det ? Jo, for meg står det slik at intimgrenser for begge kjønn kan overskrides i forsvarets tjeneste, og den private sfæren skal være forsvarets eiendom, og under deres kommando. Jeg mener at dette gir et tydelig varsko til, spesielt kvinner som vurderer tjeneste i forsvaret at de i løpet av tjenestetiden vil kunne risikere at tjenesten kan føre til at de må overskride sine mest private intimgrenser.
Jeg vil si.: Vel er man i forsvaret og under millitær kommando, men der får da være grenser! Hva synes mine bloggkontakter?
Kvifor kjem eg med det utsagnet ? Jau, det kan eg godt fortelja dykk no. Akkurat denne månaden starta med at eg publiserte mitt månadssamandrag frå oktober, slik eg plar gjera kvar månad. Kvar månad plar det også koma kommantarer av ymist slag, men denne månaden turka kommentarane bort. Likevel, ei takk til dei tre som kommenterte. Kva kan grunnen vera ? – Er sakene eg kommenterer uaktuelle ?. – Er eg for snill med kommentaren, eller vert kommentaren for usakleg ? – Eller er denne forma for skråblikk på ymse nyheiter uaktuelle på denne bloggen? – Eller kan det vera nynorsken min som ikkje fell i smak (til det kan eg seia at eg beherskar båe målføre). Eg er litt i villreide om eg gidd å halda fram med funderiene mine vinkla slik dei i dag framstår…
Men så over til haldninga mi til månaden november som definitivt er den månaden eg synes minst om av alle dei 12 månadene. Kvifor.
Jau, no vert dagane merkbart kortare, og med det mørkare. Det er jamnast ein månad med mykje regn og vind, i alle fall på våre kantar. Det blir også kaldare og gjev oss den fyrste åtvaringa om at no gjeld det å vera godt bilskodd. Ja, og så tek den fyrste vinterstormen resten av lauvet frå trea som for ein månad sidan sto i dei vakraste fargane.
Men er dette nok til å mislika denne månaden så mykje. For meg er dette den mørkaste månaden, for desember vert lyst opp med kunstig lys ute og inne, og jula er jo for dei fleste av oss ein ljosfest og eit høgdepunkt. Januar som kan vera stomfull og sur, men gjev oss samstundes ei von om at no lysnar det snart. Februar og mars er månadene kor lyset smått om senn kjem attende, og dei fyrste vårplantane gror opp gjennom snø og is. Seinare er jo våren, sumaren og hausten der, og det er tider gubben tykkjer godt om.
Så er eg attende til novembermånaden med den ufyselege blandinga av vind, regn, kulde og kjensla av den komande vinteren. Nei, november kunne eg godt ha vore forutan.