Nåken har det godt…

Kjetta og gubben.

Kjetta ligg og søv i stolen,
timevis utan å lea på bolen.
Gubben sit planta i godstolen sin,
snorkar som ein sliten turbin.

Så fer kjetta ut etter mat,
og remjer over tomme fat.
Gubben ser etter kaffikoppen,
på tida å få litt fart i kroppen.

Snart er kjetta goddemt og mett,
attende til stolen i snarleg retrett.
Men gubben dukkar ned i sin blogg.
Kven har i dag stilt seg klar for hogg.

Kjetta ligg snart og «mel» på puta.
og haustsola smilar bleikt gjennom ruta.
Gubben spøkar med budsjettet til Siv,
Ja, det skal anamma strid og kiv.

Kjetta drøymer om fuglejakt,
om kor godt ein stare skulle smakt.
Gubben skriv om avgift og skatt,
og regjeringa sin veg som vart så bratt.

Men ei som nyt livet er den gamle katta.
Søv heile dagen, jaktar om natta.
For gubben har nok jakta tatt slutt.
Pennen er våpenet, ikkje kuler og krutt.
04.11.2014.M-m.


13 kommentarer
    1. Så koselig du så ut til å ha det der i godstolen :)…skjønner godt at pennen er ditt våpen..for du er superflink til å skrive…og har ordet i din “makt”…eller hva det heter..hehe..
      Ha en fortsatt trivelig dag 🙂

    2. synsvinkler: Takk. Ser at vi har samme skråblikk på politikken begge to. Ha sett på ditt flotte, illustrative innlegg i dag. Joda, Kallen og katten trives godt her. Ha en fin dag videre..

    3. annebe: Takk for fin kommentar. Jo, her trives kallen og katten i hver sin stol. Som du skjønner liker jeg å skrive. Det hender at jeg skriver av meg noen dårlige dager, det kjennes bra. Så er jeg litt opptatt av det som skjer rundt meg, spesielt i politikken.
      Ha en fin dag…

    4. Kattefilla er sikkert eldre enn deg (katteår er annaleis) og likevel gidd ho å jakte. Skam deg, kom deg opp av godstolen og dra på jakt, for all del ikkje kvinnfolkjakt, men andre ting. Elles var det eit flott dikt med humoristisk vri.

    5. Oldemorbloggen: Kvinnfolkjakt? Nei kvifor for ein på det – hugsar ikkje…Forresten der var ikke mykje anna å jakta på i Øygarden for 60 år sidan.
      Når alt kjem til alt så har visst kjetta (18 år) avslutta jakta ho og, men det irriterer meg litt at me slest om godstolane.
      jaja…

    6. Ja, de har det godt, du og katten. Ei som ikkje var nemnt er ho som steller rundt dykk med orkidear i vindauget og sikkert godsaker til kaffien. Og når sola attpåtil smiler til dykk kan de ikkje betre ha det. Ha ein fortsatt fin dag.

    7. Pedro: Ho skulle nok fått nokre ord ho også, men det får verta ein annan gong. Elles lyt eg vedgå at eg laug på meg litt meir sol enn det me faktisk hadde i dag, men det for eg skulda den dikteriske fridomen for.
      Ha ein fin kveld.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg