Bilde fra Google
Haustmånen.
Det mørknar og kvelden stundar på.
snart er dagsljos og fuglesong borte.
På toppane kan du siste solstrålane sjå,
men hausten gjer dagane alt meir korte.
Då ser du han brått stig bak åsen i aust,
ein gulbleik måne som mest er full.
Han blenkjer i fjorden i vindstill haust,
og teiknar ei stripe forgylt som gull.
Han lyser opp ei sovnande grend,
og smyg sitt ljos inn i stova.
I halvmyrkret der, sit dei så spent,
dei to som er nyss trulova.
Mannen i månen kikkar inn.
Dei to ansar berre kvarandre,
som sit der inne i sitt lukkespinn,
og vil resten av vegen vandre.
Men månen er blyg, stig vidare opp.
Han skapte berre litt stemning.
Vidare fer han til neste stopp,
kor nyspira kjærleik er i emning.
Kjære haustmåne, stig opp bak kvar topp.
Lys opp når sola og varmen er borte.
Nør opp elden i hausttung kropp,
når netter vert lenger og dagane korte.
26.09.2010.M.m.