Ha noen av dere gutter/menn blitt sendt på innkjøp og så somlet bort kjøpelappen.
Det kan lett bli en kostbar opplevelse.
Det lakkar og lir mot helga,
utjaga er kall og katt.
Kvart rom i heimen vert fjelga
Berre strafferunden står att.
Til den er laga ei handleliste
mot handlebua eg gjev meg i veg.
Men trur du det ikkje, lista eg miste.
Kva som skulle kjøpast, hugsa ikkje eg.
Handlebua er oveleg stor
med hyller og varer i hopetal.
Nei, no skulle eg hatt med ho ?mor?
ellers vert turen stress og bal.
Fyrste stogg vart blomehylla,
der tok eg med ein rosekvast.
Eg kunne jo ikkje kjøpslista trylla
inga forlating med roser av plast.
Så bar det bort til grønnsaksdisken.
Sto noko her på lista, mon tru.
Poteter, gulrot, salat ? eg tok risken
fylte opp frå mi handlebu.
Med to brød var eg på sikre sida
Ja, so tok eg også ei lita kake.
Eg laut jo litt for mi gløymsle lida
og eg kan då slettes ikkje bake.
Fem flasker brus vart lasta opp.
Og så tok eg med ei korg med øl.
Men så tenkte eg, no er det stopp,
for heime vert ølet sett på som søl.
Slik vandra eg gjennom heile bua,
og fylte vogna heilt opp til randa.
Så vandra eg heim sterk i trua
at alt på lappen i vogna var stranda.
Heime sto frua med tvåga og kost,
og undrest kva kallen kom med.
På lappen sto berre brød og ost,
Og slett ikkje øl og jordbergele.
At lappen var borte kom fort for ein dag,
blomar og kake forklårde det meste.
Så ho tok fort ølet i beslag.
Å tilstå lappetabben var nok det beste.
No var han ribba for æra og lapp,
skjøna slett ikkje kvar den forsvann.
Ho fann den på golvet under ei trapp,
då kom innkjøpa til å krevja sin mann.
27.04.2010.M-m.