20.April 2010

Jeg sliter med å laste ned bilder så det får utstå denne gangen.
Som dere ser er jeg nå lut lei av kulde og snø. Har jeg noen lidelsesfeller ?
Måtte få ut litt aske i den forbindelse.

20.april 2010.


I dag snødde det jaggu att,

og marka låg kvit frå siste natt.

Det var kanskje ikkje så ?toske?

for snøen gøymde islandsk oske.

Den har bakkesett alle fly,

så hald deg i ro i bygd og by.

 

Men attende til snøveret att

det som overraska oss alle i natt.

Det dekte til alle vårstelte hagar,

og enda vona om vårlune dagar.

Men nyttelaust liv har ein pessimist

for vår og varme skal sigra til sist.

 

Og då skal du sjå det spirer og gror

etter at snø og kulde for.

Kjenn kor det lysnar og vermest i sinnet.

Sjølv oldingen freistes å klemma si kvinne.

Det gjeld å smi før tida går.

Finn ungdommen att ? no er det vår!

 

Men tolma deg litt ? bymann og stril.

Me har berre kome til 20. April.

19.04.2010.M-m.

7 kommentarer

Siste innlegg