Augusthymne 2017

Så er det tid for neste hymne, ein dag før ruta, men eg vel å vera tidleg ute. Det har tekniske årsaker.
Her var så mange emne denne månaden, valkamp er inspirerande for ordekvibrillisten, men der er ikkje eg. Likevel gjev valkampen meg grunn til å fundera om ikkje det var betre for politikarar å prøva å forklåra eigen politikk enn å snakka ned motstandarden.
Jaja, det heiter valkamp, så da ligg det vel i korta at det skal vera litt krig.
Ja, krig vart det og då ho Sylvi tok med seg valkampen til vårt granneland. Eg vonar at me slepp å reisa på grensevakt etter det stuntet.
Forresten, i dag dukka det opp ei sak i nyheitene som skulle hatt eit eige vers denne månaden. Det skal, som kjent, haldast sykkel-VM her i Bergen  – neste veke er det visst. Så har arrangørane oppdaga at dei må betala bompengar for følgje – og – servicebilar. Ja, det var vel ei ubudsettert bombe! 
Søknad om fritak har vorte refusert. Men. ærleg talt, sykkelsporten er ein mangemillionsport som har god råd til å gjera opp for seg, og arrangørane er godt fora med millionar frå offentleg pengebinge for å få arrangementet i hamn. Nei, betal og prøv å sjå glad ut…

Så over til kamphanane og hønene i politikken..:

Google.

Augusthymne 2017.

Ja, så fekk me oppleva det.
Politikk på den årlege pilgrimsferda.
Nidarospresten fekk vera med,
og pressa sat sjølvsagt oppe på herda.
Ministrar med smil og stav i hand,
vekkjer det valhugen hjå menig mann?

Ein trimtur treng dei, det kan eg tru
no som dei er i valkampmaraton
og skal handhelsa folk i by og bu
og ber om eit tingsete fire år på lån.
Men kaprar dei veljarar på pilgrimsturen
då vert kanskje Knut Arild lei og sturen?

No kranglar dei om norsk kultur,
Linda i pilgrim og Tadja på Trollpikken.
Kva er det politikarane trur,
eig dei verkjeleg ikkje folkeskikken.
Slik veljarnedvurdering gjer meg matt.
Har dei ikkje andre emne å ta fatt?

Mobbing og trakassering vil ingen ha,
i alle fall ikkje i skule og dagleg liv
men politisk mobbing er visst bra,
i valdebatt med retorisk kiv.
I politisk debatt kan visst alt gå an,
jamvel å mobba politisk motstandsmann.

No er Knut Arild fly forbanna,
ho Sylvia rappa han kraftig i nakken.
Ho tømde all bensinen ut or kanna
og prøvde å svi han ei ripe i lakken.
Er det då rart at han såg sjølvaste styggen
ho skulda han å sleikja immanen på ryggen.

Han Jonas slit litt i valmotbakke,
skatteauke er ikkje noko sjekketriks.
Ho Erna vil helst om skattelette snakke,
men den retorikken er ingen kvikk fiks.
For eigendomsskatt og avgifter har auka.
Då hjelper det lite om skattelette å kauka.

Nei, valkampen gjer meg ikkje klok,
mange flosklar og mykje ull.
No tek eg på med ei blåraud brok,
og tek meg ein gulgrøn sull.
Men valdagen kjem, kva skal eg stemma,
men der må eg seia, eg er i ei klemma.

Tenk dykk, på sykkelsetet etter 14 mil,
så vert det plutseleg stopp.
Alle jentene fekk ein ufriviljug kvil,
det var ei bru som skulle «opp».
Det er ikkje greitt å vera toppsyklist
når vegbommar stoggar dei hist og pist.
31.08.2017.M-m.


Google

Sumarfest i bygda mi…

Sist helg vart det arrangert sumarfest for folk i den vesle bygda mi. Ei aktiv gruppe av dei yngre på garden har etablert eit lag, kalt Kråkelaget, som får i gong aktiviteter som har vist seg å vekkja og vitalisera oss som anten bur her ute fast, eller som meg, bur her ute i havgapet 4 – 5 månader i sumarhalvåret. Det vert halde strandryddingsdag om våren, arrangement ved jule – og påsketider, og så er her ein årleg sumarfest. Takk for god dugnadsånd.

Dette er Kråkelaget sitt styre med Olaug som drivkraft for aktivitetane, spesielt denne sumarfesten er eit stort arrangement både for liten og stor.

Om dagen er her ymse aktivitetar for ungane, hoppetårn, sjørøvarar, krabbefiske, hesteriding  etc etc, og ungane kosar seg vilt.

Her kan ein sjå området nede i båthavna kor aktivitetane finn stad. Eit stort partytelt husar kveldsarrangementet, og til dette møtte nesten 100 opp. Det må, stort sett vera det som kan krypa og gå i bygda, og vel så det.
Her var det musikk og song, og gubben heldt eit kort kåseri med presentasjon av tre eigne dikt. Eit av dikta var jamvel tonesett av Olaug som framførde det til eige gitarakkompagnement.. Ein stor takk til all friviljug innsats som gjorde denne dagen mogeleg.

Eit av dei kulturelle innslaga i aksjon. Det vart ein hyggjeleg fest som samla bygda vår no i ei tid kor folk stort sett ser kvarandre gjennom frontrutene på bilane.

Desse var ikkje med på festen, men eg tykte det kunne vera fint å kunna presentera ei andemor som har greidd å fø fram seks ungar, for no er desse så store at dei greier seg sjølve.
Elles er bileta i innlegget teke av ymse deltakarar på denne bygdefesten…

Tenn et lys…

Lysbakken har no vorte så bekymra for Rimi-Hagen at han antakeleg kvar kveld kveikjer eit ljos for han. I alle fall var det noko slikt han uttalte i partileiardebatten frå politikarandedammen i Arendal.

Google har her fanga opp eit godt bilete av kakofonien i debatten. Alle prøvde å snakka i munnen på alle, mykje støy, mindre å få ut av det.
Skal eg oppsummera eigne inntrykk må det verta omlag slik.:
Frå venstre.: Lysbakken ber om ei fyrstikk så han kan kveikja ljos for Rimi-Hagen samstundes som han fordømer milliardmjølkarane frå barnehageverksemda.  “Slagsmål-Vedum” peiker på sentrum i debatten og meiner at dei som er i utkanten av debatten får ordet alt for sjeldan.
Jonas peiker på statsministeren og buar om skatteletta til millIiardærane samstundes som han lover at me i neste stortingsperiode skal få lov å betala meir skatt. Snakk om sjekketriks!
Erna smiler og ser ut til å vera nøgd med at alle peikar på henne. Nei, den dama er ikkje lett å skubba seg på.
Siv ser ut til å slita litt med å forsvara Sylvi sine mange utspel i innvandringspolitikken. Og så er det desse hersens bompengane som ho aldri skulle ha lova å fjerna. Jaja, det kan gå ein Nemesis gjennom livet for nokon kvar.
Som de ser prøver NRK fåfengd å svinga taktstokken over denne ustyrlege forsamlinga.
Ha ein god debatthaust…

Julihymne 2017.

Det er berre å kasta seg utpå att sjølv om juli er ein feriemånad utan for mykje action. Fallet og gjenreisinga av Trollpikken vart vel eit høgdepunkt for nyheitsmedia.
Elles kan vel den nyetablerte faktakomiteen, som bl a skal faktasjekka politikarar si omgang med sanninga i valkampretorikken, verta ei urfordring for dei friskaste agitatorane.
Og så merkjer eg meg at både Krf,og spesielt Venstre no søkjer seg under Erna sine vengjer for å prøva å karra seg over sperregrensa. Jaja, budsettkrangel og valkamp held til på to ulike arenaer .


Google

453. Juli 2017.

Løvehola har tilsett fotograf og bakar,
så no kan dei skriva i puraste gull.
Dei kan også servera kostesame kaker,
men noko skrik at dette er kostesamt tull.
Men meiner me at landets fremste forsamling
skal leva med gråbleik skrift og frukostblanding.

No ber det fort mot valkamptid
og retorikken vert svulstig og ram.
Det innbyr til sjekking og faktastrid,
faktakomiteen skal ha sanninga fram.
No lyt politikarane vakta kva dei seier,
og ikkje føra retorikken på ville vegar.

Ho Trine er på valkampturne,
Venstre skal opp frå dødens posisjon.
Skal EL-bilkampanjen hjelpa med det,
eller vert det framleis opposisjon?
Etter at flyplass og veljarstøtte er fjerna
skal dei no pleia venskapen med Erna.

Forresten fer alle rundt land og strand
på skrytetur kalt valkampturne.
Frå Kirkenes til Kristiansand
ser du dei lova, handhelsa og le.
Men klørne kjem fram i debatten.
Det er berre å fylgja «Dagsnytt atten».

Så er Trollpikken atter på plass,
den største fallosen her vest.
Kom ikkje med ein liten tass
når Rogaland byr på fallosfest.
Denne karen skal lokka turistar.
Er dette ei PR-sak for vår kulturminister?

Dette hymnet vart heller kort,
det er ferie og smålate dagar.
Men feriedagane går alt for fort,
snart attende til jobben du jagar.
Vart det tid til å fulllada batteria
eller vart ferien mas og jag heile tida?
31.07.2017.M-m.
 

Junihymne 2017


Google

Juni 2017.

Ein stortingsmann med for liten bil,
var på IKEA og handla stort.
Han stapla opp på bilen med eit smil,
lasta langt over ripa og køyrde bort.
Men borte i svingen sto onkel politi,
og brått var førarkortets tid forbi.

No skal LO-pampen ha etterløn,
dei har lært av sjefane i banken.
Likskap er fagrørslas motto og bøn,
det er slutt å sitja og syga på “skanken”.
Nei, er ein sjef må også likskapen rå,
om ein er raud, gul eller blå.

Ho Erna har vore på barnefestival,
godt rusta med vepna politi.
Nei, det var slett ikkje eit karneval;
ho var visst førebudd på terrorstrid.
Om ho lyt forsvarast  med vepna eskorte
er det kanskje best at ho heldt seg borte.

I sumar lyt me visst binda oss fast i stolen,
for denne valkampen kan verta stygg.
Skamlaus retorikk frå talarstolen,
svir verre enn stikka frå sumarleg mygg.
Har Trumpen lagt lista for oss her i landet,
for der er det mykje skit på tungebandet.

Her vest fins mange attraksjonar
for ein opplevingssjuk turist.
Trolltunga har ført til bergingsaksjonar
for mang ein lettskodd og tunnkledd optimist.
Men no er det visst Trollpikken som gjeld,
sjølv om den førre veka gjekk på ein smell.

Etter ein kald og utriveleg vår
bar det til solvarme for gubben og frua.
De veit der sola dagleg over hovudet står,
og varmar alle som hadde mista trua.
Forfrosen nordbu med soltur på blå resept,
men det fins ikkje i helseverkets konsept.

30.06.2017.M-m.

Eg lyt nok plaga dykk…

…med eit maihymne denne månaden også. Politikarane lurer seg, stort sett, under radaren og pennen min i mai, men eg tenkjer at dei kjem sterkare att no når valkampen stundar til. Trumpen fortset sin presidentakrobatikk som stort sett går ut på breial framferd og sparking av medarbeidarar, og verda undrar stadig på om han kan rota det endå meir til når han no gjer “America great again”. Store ord og fleskefeitt (i alle høve for meiningsfellene hans) er det nok av frå den kanten. Me sit utafor og lydar til galskapen, og kan ikkje stort anna gjera.

Google

Mai 2017.

Ein kval med magen full av plast
laut avlivast i sjøen her vest.
Resultat av vårt liv i bruk og kast
gjer hav og hamn til søppelpest.
Men no har dugnadsånda sigra
frå nord til sør, og vest til Vigra.

Men, kor lenge levde miljøtanken?
Jau, 17. mai tok den slutt.
Då tømde me heile heliumtanken.
i plastballongar for å gje dagen futt.
Så slepte me ut tusenar av ballongar
frå gater, parker og pynta balkongar.

Så er ho Erna ute og køyra,
ho kalla søppel for søppel i TV-ruta.
Slikt ville fiffen slett ikkje høyra,
ikkje av skipparen på regjeringsskuta.
Nei, søppel skal kallas avfall eller boss,
I alle fall i stova  hjå «fisefine oss».

“Å herregud så smart æ e”,
tenkte Reitan då han laga sin app.
For Rema vert det heile lukka det,
når dei sine dårlege leverandører slepp.
Men me ville ha Lerum syltetøy og Hansa øl;
så no dropper me Rema og bryggjer sjølv.

Så er det landsmøtefest i MDG,
og der lanserer dei vårt nye land.
All olje skal snart få liggja i fred,
og 30 timars veke til alle mann.
Tax-freeoverskotet skal gå til trikk og buss,
men mindre flytrafikk kan vel ikkje gje pluss..

Og Trump har vore på europavistt.
Her har han markert som ein vårgra katt.
NATO og parisavtale er berre noko skit,
for no skal Amerika verta mektig att.
I Russland sit vel han Putin og gliser
over Trump og Europas politiske maliser.
31.05.2017.M-m.

Google

 

Det skulle ha vorte…


Google

…aprilhymne her i dag, men den digitale verda speler meg eit puss så eg lyt ta den prosaiske teksten, eller kva det no heiter, i eige innlegg.
Den kinesiske muren er med avdi Erna var visst observert der oppe. Etter ein naudsynt “handshake” med den kinesiske presidenten fekk ho visst lov å ta dagens trimtur der oppe.
Elles tykkjer eg synd på politikarane våre som lyt posera i allslags framtoningar no i desse gryande valkamptider…Jonas, til dømes, laut dansa med Madcom på partiet sitt landsmøte hi helga – stakkars mann.
Så har Krf’s Knut Arild bekrefta at han ikkje veit om han er venstrehendt eller retthendt. Ap er lite aktuell som samarbeidspartnar no etter at dei klussar med bokstavane i KRLE-faget, og høgresida med Frp er reine pesten
Han styrer vel mot eit samarbeid med ho Trine under sperregrensa, tenkjer eg.
Elles har april månad mest vore plaga av ein forventa vår som aldri kom. Ja, og så er arrangørane av sykkel-VM som skal gå av stabelen i Bergen no i sumar plaga av sponsortørke.
Takka for det, seier eg. Dei vil jo stengja store delar av byen både for tilreisande og bebuarar i 14 dagar., og då er det vel ikkje meir å forventa.

På det personlege planet fekk eg ei påminning frå Apollo om at dei venta betaling for ei feriereise eg hadde bestelt tidlegare. Forfallet for betaling av reisa var same dagen påminninga kom. Reisa var lagt inn på forfall og betalinga var gjort, likevel presterte Apollo å truga med å annulera reisa. Ein telefon og ei beklaging frå Apollo si side avklara saka. Men som eg melde til selskapet.: Takk for meg Apollo, slik kundebehandling finn eg meg ikkje i!

Navneskilter etc…


Google/Bergens Tidende.

Så skjedde det hyggelige, men som vi nesten ikke trodde ville komme til å skje. Skiltet som vakte så mye forargelse i byen vår ble demontert og togstasjonen får beholde sitt gamle navn, Jernbanestasjonen i Bergen.
En takk til Bane NOR som hørte på “folkerøsten”.

Navneskifter, identitet og sånn…


Google,
Har dere registrert dette snåle fenomenet?Nå skal  de aller fleste fimanavn krypteres (gjøres helt uforståelige) og så tillegges et ettall (1) i bakkant. Det kan nevnes, Fjord1,  Apotek1 , etc. Sparebank1 er jo på sett og vis et unntak, for her skjønner vi at navnet har med bank å gjøre, men hva ett-tallet skal si oss må noen være vennlig å forklare oss.

Google
Mens vi er i gaten for navneendringer kan jeg foreslå et annet navneskifte som fremkaller en viss form for logikk. Her i Bergen har vi et yndet turistmål som heter/kalles Fløyen. Her bør rette myndighet gripe gud i foten og døpe stedet om til Fløy1.

Google
En annen bane til besvær her i byen er Bane NOR (hva nå enn det måtte være).  Den har nå tillatt seg det overgrepet å døpe Jernbanestasjonen i Bergen om til Bergen Stasjon og dertil ødelagt fasaden med skrifttegn som slett ikke passer inn på en  hundreårgammel  stilbygning. Nei, togstasjonen i Bergen heter.: Jernbanestasjonen i Bergen, og det skal den i framtiden også hete…Basta!

Google.
Mens vi er inne på navneskifter har vi flere steder i byen som kunne trengt en oppshining av navnet, og her peker en av UNESCO’s stoltheter, Bryggen seg ut. Det ble før kalt Tyskebryggen, men det måtte en verdenskrig til for å få endret det navnet til Bryggen.
I samsvar med tidens navnetendenser bør nå, etter min mening denne turistfellen døpes om til Brygg1 (men da kan det kanskje forveksles med alkoholreklame).  I  Bane NOR’s ånd kunne man kanskje kalle stedet  Bergen Brygge. Jeg tør nesten ikke tenke på hvilken krig som måtte igangsettes for å få gjennomført et slikt navneskifte.
Som man ser er mulighetene for  fantasifulle navneendringer store.  Det er bare å sette et østlandsfirma i gang så blir nok navneuniformeringen gjennomført til bergensernes hoderystende ergrelse, men i fellesskapets byråkratiske  ånd.
Nei, vi vil beholde våre gamle navn på steder og streder, det har med  vår identitet,  vår nærhet  og kjærlighet til byen vår å gjøre.
Mvh
Magnus1 eller Strilamagnus.

Marshymne 2017…


Google. Dei ser ikkje så løgne ut her!

Denne månaden har eg stor sett lete politikarane fått kvile, men løgnasfaktene rundt oss blømer likevel.
Løgnaslaget i Stavanger fekk rettens medhald i at det var greitt at ein frisør på Bryne kunne omtalas som Nazifrisør i revyen deira…Huff!
Ja, og så har ein kome fram til at kvinner veg mindre enn mannen og fylgjeleg bør få ha meir bagasje med på flyet for å vega opp mot husbondens hengjemage. Men hallo, slik har det da vore her i huset i mange år allereide.
No er det visst naudsynt at 12-åringar hyrer seg personleg fotballtrenar om dei skal koma opp i Messi-klassen. Nei, løkkefotballen er nok ikkje godt nok som rekrutteringsgrunnlag lenger.
Elles finn de sikkert ut av det meste ved å lesa rimet mitt nedanfor.

Mars 2017.

No har dei endeleg funne det ut,
at kvinna er lettare enn mannen.
Så har det lenge vore ei kvinnesut,
at det kostar å fylle kofferten til randen.
Konsekvensen om de skal ut og fly.
kvinna lyt få fylla meir i reisekista si.

Ho treng meir av klede og sko
samt ein velfylt sminkepung.
Det vart meir enn gubben forsto.
Ikkje rart at kofferten vert tung.
Kva får du med deg om du er kar?
Jau, tannbørste, sko og eit sokkepar.

Retten forkynner for land og by;
Me har ein Nazifrisør på Bryne.
Ei dame vart stempla i ein revy
utan at Løgnasslaget fekk på trynet.
Har dei gløymt at Nazi er eit belasta ord
som framleis sit djupe og krenkjande spor.

Eigendomsskatt er på moten no.
Sume kommuner skattar alle bygg.
Har du hundehus eller utedo
kan du slettes ikkje kjenna deg trygg.
Eit hundehus vart oppmålt oppe i nord;
to kroner skattekrav kom på eigarens bord!

Bergensbana skal forkortast no
det har me høyrt i minst femti år.
Prosjektstart vart forkynt av Erna & co
men framleis ser det ut til at tida går.
For no forkynner ho Erna glatt og blid.:
Planlegging er viktig og lyt ta meir tid!

Personleg trenar er no visst tingen,
om fotballproff er ambisjonen.
Det held ikkje lenger med ballbingen,
om du skal lukkast i øvste divisjonen.
Pengar må ikkje stoppa poden
på vegen til stjernestatus på kloden.

Det stundar mot val, kampen er i gong,
og SP fyk fram i ledig galopp.
Der syng dei klårt distrikta sin song,
og då lyt dei andre partia sjå opp.
For Noreg er meir enn innafor Ring-tre,
Politikken gjer lurt i å merka seg det.
31.03.2017.M-m.