Sumarfest i bygda mi…

Sist helg vart det arrangert sumarfest for folk i den vesle bygda mi. Ei aktiv gruppe av dei yngre på garden har etablert eit lag, kalt Kråkelaget, som får i gong aktiviteter som har vist seg å vekkja og vitalisera oss som anten bur her ute fast, eller som meg, bur her ute i havgapet 4 – 5 månader i sumarhalvåret. Det vert halde strandryddingsdag om våren, arrangement ved jule – og påsketider, og så er her ein årleg sumarfest. Takk for god dugnadsånd.

Dette er Kråkelaget sitt styre med Olaug som drivkraft for aktivitetane, spesielt denne sumarfesten er eit stort arrangement både for liten og stor.

Om dagen er her ymse aktivitetar for ungane, hoppetårn, sjørøvarar, krabbefiske, hesteriding  etc etc, og ungane kosar seg vilt.

Her kan ein sjå området nede i båthavna kor aktivitetane finn stad. Eit stort partytelt husar kveldsarrangementet, og til dette møtte nesten 100 opp. Det må, stort sett vera det som kan krypa og gå i bygda, og vel så det.
Her var det musikk og song, og gubben heldt eit kort kåseri med presentasjon av tre eigne dikt. Eit av dikta var jamvel tonesett av Olaug som framførde det til eige gitarakkompagnement.. Ein stor takk til all friviljug innsats som gjorde denne dagen mogeleg.

Eit av dei kulturelle innslaga i aksjon. Det vart ein hyggjeleg fest som samla bygda vår no i ei tid kor folk stort sett ser kvarandre gjennom frontrutene på bilane.

Desse var ikkje med på festen, men eg tykte det kunne vera fint å kunna presentera ei andemor som har greidd å fø fram seks ungar, for no er desse så store at dei greier seg sjølve.
Elles er bileta i innlegget teke av ymse deltakarar på denne bygdefesten…

4 kommentarer
    1. Artig med slikt, selv om jeg ikke er med på så mye som skjer selv for tiden… Så gøy at du var en av “artistene”… det var nok flotte bidrag :)) Ser ut som det er en fin plass og været så jo bra ut også :)) Kråkelaget så jo herlige ut de også <3

    2. annebe: Ja, dette er en kreativ og aktiv gjeng som etterhvert har blitt limet i bygda, de samler oss jul sommer og påske og ellers til den årvisse strandryddingen. Dessverre kan jeg heller ikke delta på alt, men da er det greit at de kan benytte meg til mer stillesittende aktiviteter…

    3. Dei som går i brodden og dreg lasset er ofte Tordenskjolds soldatar; all ære til dei. Min heimstad har 30 fastbuande. Der greidde velforeininga i sumar å samla 300 menneske til konsert i kyrkja (det var ikkje plass til fleire) for 6 år på rad. Artistane har t.d. vore Henning Sommerro, Frode Alnes og andre. Eg er full av lovord til desse eldsjelene, om dei kjem frå Øygarden eller andre grisgrendte strok.

    4. Pedro: I denne tida kor sentralisering ser ut til å dominera politikk og debattar er det godt at noko kan minna oss om at det fins eit liv utafor Sinsenkrossen – eller Torgalmenningen for den saks skuld. Slike tiltak er på mangemåter limet i småsamfunna og eldsjelene skal ha all åre for tiltaka.
      Det er godt å møte gamle vener og kjende utanfor den vanlege møtestaden for oss gamle, nemleg på gravferdsdagar.
      Ha ein god dag kvar du måtte halda til…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg