Norge fikk IOC-reprimande etter sørgebånd-markering
Jaja, IOC lever i si eiga verd med sine eigne lover og regelverk, og kva som foregår i verda rundt palasset deira i Laussanne ser ikkje ut til å estimera dei mykje.
Prestisje og pengar er kanhende leidestjerna der.
Eit godt døme på det er at dei no gjev Noreg ein reprimande avdi langrennsjentene bar sørgjeband då dei gjekk 15 kilometeren i går. Dei ville visa sympati og medkjensle med ei lagvenninne som dagen i førevegen hadde mista broren sin.
Er IOC berre ein empatilaus organisasjon som solar seg i pomp og prakt løynd bak eit bilete av ei frisk sjel i ein frisk kropp i form av topptrente idrottsfolk.
Vil me verkjeleg vera med å støtta at ein så kald og kynisk organisasjon skal få arrangera eit OL i Oslo i 2022?
Ei landsomfattande folkeavstemming burde ha avgjort det spørsmålet…Her er mi stemme.: NEI!!!