Stakkars IOC…

Norge fikk IOC-reprimande etter sørgebånd-markering

Jaja, IOC lever i si eiga verd med sine eigne lover og regelverk, og kva som foregår i verda rundt palasset deira i Laussanne ser ikkje ut til å estimera dei mykje.
Prestisje og pengar er kanhende leidestjerna der.
Eit godt døme på det er at dei no gjev Noreg ein reprimande avdi langrennsjentene bar sørgjeband då dei gjekk 15 kilometeren i går. Dei ville visa sympati og medkjensle med ei lagvenninne som dagen i førevegen hadde mista broren sin.
Er IOC berre ein empatilaus organisasjon som solar seg i pomp og prakt løynd bak eit bilete av ei frisk sjel i ein frisk kropp i form av topptrente idrottsfolk.
Vil me verkjeleg vera med å støtta at ein så kald og kynisk organisasjon skal få arrangera eit OL i Oslo i 2022?
Ei landsomfattande folkeavstemming burde ha avgjort det spørsmålet…Her er mi stemme.: NEI!!!

 

 

4 kommentarer
    1. Det trengs jo ikke en landsomfattende avstemming, her har jo oslofolket talt. Norge vil ha OL.
      Litt som når tenåringen bestiller gullfliser til badet med fars kredittkort.

    2. jeg har også fundert på hvorfor russland har fått ol,ikke en plass jeg ville gitt min stemme nei .
      Det svever meg også att i russland er ol bare for pompen og prakten og ikke for folk flest,sånt liker ikke jeg

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg