Værmelding…

Ja, så er han spådd, den første vinterorkanen i år. Slik vindstyrke er ingen spøk, spesielt ikkje ute i havgapet kor han ofte tar med seg havet inn i ei høg stormflo kor naust og båtar får gjennomgå.
Gubben har båten langt oppe på land og treng vel ikkje vera redd for stormfloa. Derimot står båten no på hjul og i kraftige stormkast kan han ta sin eigen veg utan hjelp av påhengsmotoren.
I dag vart det så ein tur ut til Øygarden for å prøva å sikra ekvipasjen mot å ta ut på eigen hand i den tillyste stormvinden.


Som de kan sjå ligg her ei stor stikagran. Det vart offer for ein storstorm me hadde før jul, og rotvelta laut BKK (Bergen Kommunale Kraftlag) skjera ned då treet delvis låg over kraftlina. Slik får han liggja til våronna, då vert det ein jobb.

Samstundes tok eg eit bilete av eigendomen der ute, ikkje akkurat i vinterdrakt…

…for, som de ser er bakken framleis grøn, nesten klar for grasklipparen.

Ingen storstorm i dag, men de ser at vindpølsa på ei av bruene ikkje akkurat varslar om svartestille i Øygarden…

Så står det att å vona at hus, naust og båt kjem til å overleva den tillyste orkanen.

 

Akk ja…

Godt nyttår skulle eg vel fyrst og fremst seia til alle mine kontaktar og lesarar.

Eg veit ikkje om han Jonas har hatt tid til å ynskja vener og uvener godt år heller. Ettersom han ikkje har teke seg tid til å møte i eit einaste møte i utanrikskomiteen i fjor haust har det nok vore ein travel haust for han stakkar.
Eller kanskje han tenkjer at komiteen er eit av “supperåda” me slit med, og at han, som har vore utanriksminister ikkje tykkjer at han kan bidra til at det kjem noko fornuftig ut frå den komiteen. Ikkje veit eg, men ein god grunn lyt han vel ha.
Jaja, han er god med ord, så han finn nok nokre fine formuleringar som forklårer oss kvifor tida har vorte så knapp denne hausten.

 Jula er historie, skreiv ein av mine bloggkontaktar.
Så sant, og eg kom fort ned på jorda då eg kom ut i bilen i dag og ville ha ein tur på butikken for å fylla oppatt kjøleskåpet. Eg vreid på nøkkelen – ikkje liv.
Kva gjer ein då? Jau, ein nytter sitt NAF-medlemsskap, og vips står det ein bergingsbil utafor garasjen med nok straum til å sveiva liv i ein tungrodd dieselmotor… Gratis!

Det var batteriet mitt som hadde teke kvelden. Det var ikkje vanskeleg å skjøna det ettersom dei lengste turane eg tek no vinterstid er snaue to kilometer. Det vert ikkje mykje lading av det.
Ein rask tur opp til bilforhandlaren, og vel eit par tusenlappar løyste startproblema mine. Eg lovar på tru og ære at eg skal ta mykje betre vare på det nye batteriet. Eg skal, blant anna halda meg unna setevarmen. Får heller sitja og frysa i reva på den korte turen til kjøpesenteret.
Varmen på bakruta og sidespeglane kan eg også spara på.

Så kan det nye bilåret koma utan startvanskar for bilen. Korleis det er med gubben er eit heilt anna spørsmål…
 

Desemberfunderinger 2014…



Google

Desember 2014.

Tid for gubbens velikehaldsrutine.
Fyrst ein grundig hjartetest.
Så laut han ordna tennene sine
før den tilstundande julefest.
Ei tann laut erstattast med implantat,
delvis støtta av den norske stat.

Svensken likte ikkje regjeringa si,
misnøgd med årets statsbudsjett.
Sosialdemokratane prøvde eit frieri,
Fekk nei, og ville forlata sin taburett.
Men etter møtemaraton og mange ord,
vart flokene løyst hjå søta bror.

Kjuklingen vår er sjuk og veik,
så no lyt han dagleg få medisin.
Han treng også til kraftig steik
før du tek han i munnen din.
Lyt du avstå favorittmåltidet ditt,
grilla kjukling og pommes frites ?

Det er atter fredspristid.
I år gjeld born og jenters rettar.
Tildeling utan kiv og politisk strid,
og utan diplomatiske botspiruettar.
Men i fredspriskomiteen var ingen fred.
Der krangla dei om kven dei ville ha med.

Jarnring rundt Oslo var trygg medisin.
Millionar til tryggleik, det var tanken.
Ingen ubeden skulle sleppa inn.
Fredsprisseremonien, sikker som banken.
Men kva hende der, midt i festen?
Brått sto han der, den ubedne gjesten.

Han hadde kome seg usedd inn
til sentrum av dagens store fest.
Politiet og vaktene svima ikring
utan å ana den ubedne gjest.
Skandalen må få ein klår konsekvens.
Ansvarlege ut or sin trygge residens.

Kven er det der ute som passar på,
kva me tenkjer, seier, og kvar me er?
Med elektronikk og utan ein tråd
finns avlyttarutstyr både her og der.
Mobiltelefonen er reine sladrehanken,
leverer vår løyndom til spiondatabanken.

Kvar skal det nye hospitalet byggjast,
om det slest dei som hund og katt.
Kor helsa skal betrast og tryggjast,
har gjeve ein langdryg debatt.
Mørefolket har krangla i mange år
og striden har opna mange sår.

Men no har ministeren bestemt
etter ti års krangel og kiv.
Sjukehus i Molde vert permanent,
og skal gje pasientane eit betre liv.
Om avgjerda for nokon kjennes sår,
lekjes vel uvenskapen når tida går.

Sjå no på dette, kjære lesar,
her er mattilsynet si lovbokstav;
har du ein bulldogg eller pekingnesar
er dagleg lufting eit absolutt krav.
Medan gamlingen på sjukeheimen
framleis ligg  «låst» i innestengdeimen.

Tre gonger dagleg ut på heia;
hunden skal få tømma «tanken».
Gubben lyt derimot liggja med bleia,
og plagast med veta og sengestanken.
Sjølvsagt skal dyra ha omsorg og stell,
men kva med dei gamle i livsens kveld.
31.12.2014.M-m.