Lang dags ferd…

…mot gamlelandet. Som kjend har me hatt litt førjulstid på Lanzarote, og fredag bar vegen heimover. Den turen skulle ta omlag 5 timar på flyet, og me skulle vera heime kl 22.00, men turen enda på Flesland fyrst kl 01.00.

Årsaka? Jau, på Lanzarote bles det så kraftig at flyet laut letta med for lite drivstoff til å nå Bergen, så me laut nedom København for å etterfylla. Samstundes laut me få nytt flymannskap frå Oslo, då dei me hadde på fyrste delen av turen hadde nådd si maksimale arbeidsøkt. Det vart nok ein formidabel logistisk utfordring for Norwegian å få puslespelet til å gå i hop for at me skulle koma heim utan å måtta overnatta i København.
Ettersom Norwegian har fått så mykje pes for sine forsinkelsar, kanselleringar og dårleg handtering av desse synes eg at dei må få ros for korleis dei takla denne kompliserte flyturen.
Sjølvsagt er det ikkje kjekt med ei firetimars forsinking på heimturen, men selskapet gjorde sikkert det dei kunne – og me kom heim litt trøyttare enn planlagt.
Då tykkjer Gubben at det var svært upassande at ein av passasjerane gav seg til å skjella ut ein pursar for dårleg handtering av flyturen. Han fekk klår melding frå gubben om at den kritikken var heilt på jordet.
Nei, Norwegian takla ein, sikkert for dei, vanskeleg driftsstiuasjon på ein god måte.
Takk for turen heim!

4 kommentarer
    1. Du er en tålmodig mann! Da var det godt å komme hjem til egen seng, tenker jeg! Jeg lager et innlegg idag om en forsinket reise hjem før jul i 2004…Ha en god 1.søndag i advent i det Herrens år 2017!

    2. mimremor: Transportetappene kan være lange og kjedelige, men reisen hjem synes jeg Norwegian taklet fint. Så da får vi heller huske de varme dagene på Lanzarote.

    3. Aldri moro med forsinkelser.. Men når de gjør så godt de kan er det fint å ikke “hisse”seg opp.. noen klager jo uansett..
      Håper du koser deg her hjemme nå da.. fin kveld til deg og dine :))

    4. annebe: Nei når selskap og mannskap gjør så godt de kan bør de få ros, ikke ris.
      Ellers er det godt å komme hjem etter en vellykket tur. Nå står julepyntingen for tur, skjønner jeg.
      Ha en fin førjulstid…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg