Stundom…


Google

Stundom.

Stundom ser eg du er trøytt og lei.
Stundom ser eg at du er glad.
Stundom ser eg tårene dine.
Stundom ser eg at livet er bra.

Stundom sler regnet mot ruta.
Stundom skin sola inn.
Stundom bles stormen mot skuta.
Stundom finn stilla ditt sinn.

Stundom går verda i mot.
Stundom er dagen god og ljos.
Stundom slit du med tankeskrot.
Stundom finns livsgnist og kos.

Stundom vert det meste feil.
Stundom meistrar du nesten alt.
Stundom er motbakken seig og steil.
Stundom lukkast du der du har «balt».

Tilværet har sine underlege former,
men du lyt vera vaken og budd.
Hugs, om det stundom haglar og stormer,
går det oftast betre enn du ville trudd.
19.10.2017.M-m.

 

8 kommentarer
    1. Velskrivne tankar frå ein kar som har levd nokre år. Du får jamvel andre til å tenka over sin livssituasjon. Ikkje alle dagar er like gode, men det kunne gått så uendeleg mykje verre. Eg har nett streva meg gjennom ein 500-siders boigrafi om Thorbjørn Egner. Han, liksom Per Fugelli, har ein enkel og grei livsfilosofi, som kan vera til hjelp når det buttar imot. Politimester Bastians ord skal ein ikkje forakte. Ha ei flott helg!

    2. Pedro: Ja, det er vel tankar som fer gjennom våre tilårskomne hovud av og til. Kan vera greit å reflektera over det stundom
      Elles fekk eg boka om Erik Bye no til dagen. Ser fram til å starta på den.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg