Februarhymne 2017.

Det hende så mykje i februar at eg greidde ikkje å slutta med skrivinga den månaden heller. Det er mogeleg at eg ikkje skjønte heilt korleis nyordet til Tadja og Jonas skal brukast, men eg laut prøva det. Elles har eg lete Trumpen få fred denne månaden, han fekk innreiseforbod på bloggen min, skjøner de.
At Rema 1000 dreit seg ut måtte Æ få med. Elles får de finna ut av dei kryptiske skriveria mine sjølv. Lukke til.

Google. Er det her Reitan annonserer at han kastar ut Lerum, Hansa og Mack?

Februar 2017.

Hen Jonas snikrar nytt program,
Hen og hen Tadja grunnar og skriv.
Då fall fort dette nyordet fram,
hen skal dei no nemnast, husbond og viv.

Skatteauke og kjønnslaust land,
spring til valurna alle mann!

Medan Jonas snikrar er Erna på reis,
ho vil stogga den høgaste ulvesongen.
For den politikken har gått heilt skeis,
og tapast kan bordplassen hjå kongen.
Det gjeld å sanka røyster i by og bygd,
elles vert endskapen arbeidsløysetrygd.

Vil du toppa lønsstatistikken,
og fylla di skrantande lommebok.
Kasta deg inn i fylkespolitikken,
då vert du kvitt di slitne arbeidsbrok.
Som fulltids politikar på fylkestinget
kan du fylla millionen i din pengebinge.

Her vest stranda ein utmagra kval
med magen full av søppel og plast.
Det stakkars dyret var til dauden skral,
eit resultat av vårt liv, «bruk og kast».
No lyt me vakna og berga naturen.
Me kan?kje halda fram i same duren.

No flyt søpla over i vår hovudstad.
Konkurranse og anbod var tingen.
Men resultatet gjorde berre rottene glad,
så politikarane lyt sjølv tømma søppelbingen.
Det var visst for dårleg kravspesifikasjon.
Ikkje lett i ein byråkratisk organisasjon.

NRK har sentralisert vit og forstand,
dugløysa finns visst i NRK?s distrikt.
Osloeliten vert send rundt i vårt land,
det vert visst betre lokalprogram av slikt.
Kva skal dei då med distriktskontora
når dei ikkje får bløma i vår mediaflora?

Høyrt siste nytt om Rema 1000?
No rømer kundar i hopetal.
Å kutta Hansa og Mack gjorde susen,
omsetjinga deira vart heller skral.
Tullar du med nordlending eller bergenser,
ja, då vil du få kjenne leie konsekvenser.

Så er arvesynda gjeninnførd av UDI.
Har du loge får å få ditt norske pass,
då kan også barnebarnet ditt få svi,
og passet hans kan kastast rett i dass.
Eg tykkjer mest synd på kongen
Lyt han syngja den danske kongesongen?
28.02.2017.M-m.

4 kommentarer
    1. Februar, den kortaste månaden, hadde meir enn nok saker å gripa fatt i, og du gjer det som vanleg på eit velforma og godt språk. No ser eg at Bastesen stiller til hausten att, kanskje du skulle gått saman med han. Han har sikkert plass til ein frittalande kar på lista si.
      Takk for februarkvadet, og god natt!

    2. Siv Svanem: Takk. Som du sikkert skjønner blir fristelsen til å ta pennen fatt av og til i største laget, og da er det kjekt å vite at det finnes lesere som kan ha glede av funderingene mine der ute…

    3. Pedro: Takk for bastesentipset, men eg er redd at våre fiskefelt ikkje fell heilt saman. Kven veit forresten, eg får fylgja med. Elles var eg lenge redd for at hymnene mine hadde gått ut på dato, for det var litt kommentartørke i det siste, men så kom det to til sist – takk skal de ha.,
      Ute fell “vadlesletto” så godstolen vert tilhaldet mitt enn so lengje. Ha ein fin dag…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg