Vestland – vestland…


Google.

I dag kom det fram at å driva det nye fylket Vestland vert dyrare å driva enn dei to gamle fylkene til saman. Det er vel dette dei vise definerer som synergi, eller kanskje det var omvendt synergi. At det skulle gå den vegen er uskjøneleg for ein gamal gubbe.  Anstendig løn skal alle ha, men har nokon definert anstendigheit i høve til løn? Nei!
Då er det eg vil spørja . Er det ei anstendig løn/pensjon for minstepensjonisten når han får 188.000,- i året medan fylkesordføraren må ha 1.3 mill for å ha ei anstendig løn.
Dette inspirerte til eit lite rim.

Å Vestland, Vestland….

To fylker skal verta eitt.
Betre tenester og større kraft.
Lønene må  opp, det er greitt,
skal politikken få meir muskelsaft
Då lyt ein fylkesordførar ha statsrådsløn,
men for pensjonisten er det inga bøn.

Synergi skjøner me oss visst ikkje på.
Så me bør kanskje sitja stilt i båten.

Men det er litt vondt å forstå
at synergien skal fungera på den måten.
At fylkesdrifta vert dyrare enn før
Korleis vert det slik? Eg berre spør.

Ei anstendig løn lyt sjefen ha
Han skal sitja i lønsbastionen.
Men kva nivå er anstendig og bra
Jau det er visst godt over millionen.
Pensjonisten nøyer seg med femteparten,
et sin graut og snurrer på barten.
13.02.2019.M-m.

 

2 kommentarer
    1. Kanskje de heller skulle teke namne Velstand på det nye fylket i staden for Vestland. Då hadde de ikkje kome på kant med rogalendingane og sunnmøringane heller. Det blir i alle fall velstand for fylkesordføraren. Det vil koste for mykje å gi velstand til alle minstepensjonistane; då heller ein velståande førar. Var det ikkje noko med molbuarane og ein kornåker ein gong i tida. I alle fall: Det er makta som rår.

      1. Kjekt med ein kommentar på innlegget mitt. Det er pinadeg for gale at det nye fylket skal vera over to mill dyrare å administrera enn dei to til saman. Navneforslaget ditt kan eg tiltre med akklamasjon.
        Elles stundar det til val til hausten – no er eg i tvil om det å stemme vil ha noko føre seg i det heile. Makta og kjøtvekta rår i alle høve.
        Nei, no gler eg meg til svineknoken og komla til middagen i morgon.
        Ha ein fin morgondag med minne frå komlemiddagane på Gildevangen. Det var tider!

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg