Septemberhymne 2019.


Ikke enkelt med fokusering på selfien i Bernkastel,

Mange slags kjøretøy på elva.

Underlig matching av motiv.

Jeg sliter med teksten i dag, får ikke bort understrekingen, men gamle gubber og datamaskiner matcher ikke alltid. Måneden har ellers bydd på litt av hvert av utfordringer, spesielt for politikerne våre. At den sterke fokuseringen på gratis skolemat og SFO skulle svinne hen i årets bergensbudsjett er vel mer en bekreftelse på valgbløffene enn realpolitikk. Og så Lan stakkar som ser ut til å ha glemt at politikk er mer enn bompenger. Det omfatter også ansvar for at etatene driver etter lovverkket. Ref renovasjonsvesenets nesten 1000 brudd på arbeidsmiljøloven i Oslo hittil i år. Jaja noen andre saker finner dere i hymnet.


Septemberhymne 2019.

Rotar du rundt etter ein EL-billadestasjon
medan batteriet peikar  ned mot null?
Trur du då at Vegvesenet gjev informasjon?
Nei, EL-vegskilt meiner dei er noko tull.
Slik kan den øvste kongen på «hauen»,
lata El-bilisten lida rekkeviddedauden.

Gubben og frua har vore på reis
til Mosel og Rhinen med Lorelei.
med fullstappa kuffert og feriesveis,
på vinelskarane sin pilgrimsvei.
Borte frå regn og storm og haust
til heimlandet åt Goethe, Heine og Faust.

Her heime har det vore kommuneval
etter ein heftig valkampstrid.
Atter var dei gamle og ungane for sal
Dei vert framgravne i valkamptid.
Men ho Lan og han Trym tok siste stikk,
No gjeld visst grønske og bompolitikk.

Valkampkrangel var visst ikkje nok,
no slest den politiske barnehagen,
som ein ustyrleg småungeflokk,
vil regjeringa overleva neste dagen?
Politikken har kome heilt i skuggen.
Med ordkrangel slit dei kvarandre i luggen.

I år var valkampens feite fleskefett;
gratis SFO og skulemat.
men kor vart feittet på årets vbudsjett
for tom står framleis elevens fat.
Er lov og lyg ein del av politikken
for sidan å setja veljaren i stikken?

Ho Erna slit med sprikande staur,
for no brunbeiser han Radja Frp.
Siv stikk, sint som ein pissemaur.
Det kan ikkje verta anna enn ufred av det
Ho Erna bør seia.: «Belit dokker no,
elles faller regjeringsprosjektet mitt i do».

Han Jonas sit still og sleikjer sine sår
etter eit begredeleg kommuneval.
Bompengar og grønt gav dårlege kår.
Lyt han snart svelja den beiske gral?
Eg trur at han Giske  legg planer og lurer
medan han Jonas sit på kontoret og sturer.
30.09.2019.M-m.

 

4 kommentarer
    1. Kjekk kar og stedet ser fint ut det også ! Har alltid vært litt (mye) diskusjon i politikken..men var da ikke såååå mye styr og rot “før i tida”.. Disse hymnene dine er utrolig bra..både om reiser og samfunnet vi lever i 🙂 Fin ny uke til deg 🙂

      1. Takk for hyggelig kommentar. Selfien foran det smale huset er fra Bernkastel, en fin liten “Dorf” Liv og jeg besøkte i vår ungdom. Dette var altså litt nostalgisk. Ha en fin dag.

    2. Takk for månadskvadet, du fangar tida godt, som vanleg. Verknaden av valet er enno usikkert, men eg har fått med meg at MDG krev at osloungane skal få berre vegetarmat, eit interessant eksperiment.
      Du ser forbaska ung ut, men kanskje det er dei gamle omgivnadane som lurer meg, eller har du vore innom vinstova bak deg og henta livseleksir. Var du på båt- eller biltur? Sjølv skal eg på Kieltur neste veke, må sjå om ein hugsar noko av preposisjonane og kasusa. Turar i Norge får venta til snøen har gått til våren.
      Ha ei fin haustveke

      1. Takk for rosande omtale om ungdomen i huset!
        Nei du, Leafen min fekk ingen tur til Tyskland sjølv om han bad så pent om å få vera med (dårleg med ladesatsjonar der nede).Forresten såg eg ein stasjon for EL-sykkel. Det vart fly og pakketur for oss, og det var vel like greitt der nede i kvitvinslandet, for me fekk smaka oss gjennom ørten vinsortar og det let seg ikkje kombinera med trygg bilkjøring.
        Ellers ventar eg no på statsbudsjettet. Der vert det nok mykje stoff til eit nytt hymne for oktober. Fylg med!!

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg