Oktoberhymne 2019.

Ja, så lakkar det mot månadsskifte att og oktober har hatt sine ljose augneblink. Sjamanen har prøvd å innprenta oss at kontakt med ånder kan vøla på mange skavankar. Så skal tilskot til briller og tannregulering reduseras medan lauslivnad og sikker sex skal koma på blå resept. Køyr på folkens.
Dei siste dagane har så NAV fått seg ein på snuten, dei greier visst ikkje å tolke lovene rett. Inkompetanse kallar me det på godt norsk, eller har me fått for mange lover å forhalda oss til?
Så har Hareiden fått ein til å skriva bok for seg. Det svei nok å lida nederlag dette året, så nå laut syndebukkane fram i ljoset. Slik kan det gå når “man ikke beregner sitt publikum”, meiner no gubben.
Elles fins nokre andre episodar beskrivne i hymnet nedanfor.

Google. Stasbriller og tannregulering lyt du finansiera sjølv.

Oktoberhymne 2019.

Skal du ha usikker sex så berre køyr på
for tryggleik får du på «blå» resept .
Staten bidreg til «store stå»,
fylg berre helseministeren sitt konsept.
Driftene våre skal finansierast av staten,
så slutt no å klaga på helseetaten.

Som om ikkje dette var nok
så har «sjamanen» skrive ei bok.
Den gjev vitskapen store sjokk;
Gamalkallen her sit og skjelv i si brok.
Ein lyt tala med åndene og med milten
skal finna vøle for kreften og pilten.

Trekk i tilskot til tenner og briller,
statsbudsjett si store kranglesak.
Tilskot til sexsikringspiller
og opposisjonen vakna med eit brak.
Regjeringa krangla på kvar sin taburett,
og vips, fekk me årets statsbudsjett.

Jula er endeleg over oss att
med kakemenn og julebrus i butikken.
No tek me julebrosjyrene fatt
me må ikkje gløyma pinnekjøtskikken.
Så no skal me julestressa i månader tre,
Eg tryglar, kan me snart få ha jula i fred.

Skamlaus kjøtetar, det er mannen.
BT har nett no funne det ut.
På tide å miljømerka hannen.
Han er visst ingen berekraftig stut.
Det er ikkje berre lammekjøtet han er etter
når han alle lystene sine metter.

Bergens byråd har lagt ut sitt program
Bilar , kjøt og parkering  vert no fy.
Eg kjenner eg treng ein dugeleg dram
for no vil dei visst stengja vår vakre by.
Vert det ikkje ende på miljøvernkaoset
er vona at sistemann ut sløkkjer ljoset.
31.10.2019.M-m.

4 kommentarer
    1. Kult sammendrag av nyhetsbildet..med poetisk og artig snert ! Desember er julemåneden for meg..og da håper jeg det kommer snø også..men bare litt ! Fin dag videre til deg og dine 🙂

      1. Takk. Det blir jo spennende det med snøen. Det kommer vanligvis lite av det på våre kanter, desto mer is på fortau og veier, og det liker vi dårlig. Ellers ser det ut til at vi går en flott uke i møte her vest, det ser vi fram til
        Ha en fin week-end.

    2. Tida går, og du leverar dine månadskvad til rett tid. Politikarane er flinke til å gje deg input, men eg er stadig imponert over kor godt du greier å formulera stoffet. Sjølv sveittar eg med den årlege kraftprøva; dekkskifting og bortkøyring av hageavfall, gruvar for den dagen eg må be om hjelp.
      No har byrådet i sin visdom funne ut at eg skal ta bussen til byen for å handla, så skal varene bli køyrd heim til meg mot betaling, Då lurer eg på kor miljøgevinsten er. Eg sit i alle fall att som den store taparen.
      Ha ei fin førejulsveke (eg fann stasjonen som sender berre julemusikk alt i september).

      1. Kvifor skal du ha det betre enn oss. Her i hansabyen skal det nå skrus ned på parkeringsplasser, og gater for syklar og sparkehjul skal prioriterast. Jau det vert nok miljø av det, helst på kjøpesentra utafor byen. Byen vert ein einaste stor campus.
        Elles registrerer eg at lovtolkarane våre har gløymt at me er med i EØS, og har sett NAV-turistane bak lås og slå utan grunn. Som NAV-pensjonist lyt du vel no verta varsamare med harryturane dine til Strømstad. God tur.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg