Maihymne 2019.


Google.

Dette er visst månaden me skal skamma oss, for å fyka, for å diesla, for å eta kjøt eller å plasta. Javel, men eg eg skammar meg ikkje over kjøttkakene i ny og ne, heller ikkje over grillbiffen nokre gonger om sumaren. At eg tek ein flytur til syden ein eller to gonger for året er visst for ingenting å rekna når no FN seier at all klesproduksjonen forureinar meir en all fly – og – biltrafikk tilsaman.
Elefanten i rommet som ingen snakkar om er kanskje at me etterkvart vert alt for mange menneskje på denne kloden. Har jorda berekraft for alle – eg berre spør.
Kanskje sjamanen kan gje oss svar, Fylg med, fylg med.
Elles viser eg til fleire emne i hymnet mitt.

Maihymne 2019.

No er ho Sylvi i manesjen att,
og då vert det spanande tider.
Ho og Knut Arild vart hund og katt,
dama har sine utfordrande sider.
Erna bør halda stram dressur
helst burde Sylvi hatt tunga i bur.

Kom mai du skjønne milde
bør no helst skrivast om.
Me fekk eit snø – og vintergilde
då den ekte maidagen kom.
Men varmare sol kjem snart om åsen,
så kua kan snart sleppast ut or båsen.

Så har Moxnesen vore på farta,
ordet kommunisme skulle ut or raudt.
Motstanden voks då årsmøtet starta,
og framlegget vart snart lagt daudt.
Med Marx og Lenin som leiarstjerne
blenkjer revolusjonen enno i det fjerne.

Rundt Bergen vert bompengekorta stokka,
bomstasjonar vert bygd og flytte.
Politikarar snik rundt på silkesokkar,
motstandarar står med nevane knytte.
Motstanden seier no at «Nok er nok»,
og spår snarleg politisk ragnarok.

Bompengesjauen lyt få enno eit vers,
for no er politikarane slegne av panikken.
Makan til fossroing og politisk kommers,
no vil dei ut av bompengebutikken.
Når ein ikkje vil lytta til mannen i gata
vert ein fort «politikar non grata».

Fyrst var hestesporten «in»,
ein grei aktivitet på bygdøyfarmen.
Så vart engledyrking åndeleg medisin,
og endeleg kom fann ho sjamanen.
Kva vert det neste kongelege sprell,
Det kjem kanskje i dagsrevyen i kveld.

Dette er også månaden for skam,
skam for kjøt, diesel, fly og plast.
Men skal miljøkjensla mi vinna fram,
må dei ikkje gjera livet mitt til ei last.
Verna miljøet vil dikkert dei fleste,
men gjer oss ikkje skamfulle for det meste.
31.05.2019.M-m.

 

4 kommentarer
    1. Takk, dine kommentarer inspirerer. Jeg følger deg selv om jeg ikke kommenterer så ofte. Kanskje det bedrer seg om vi snart får kjenne litt vår igjen. Det har vært boblejakkevær ute i Øygarden nå i snart 14 dager.
      Ha ei flott uke

    2. Takk for sju velskrivne vers om livet i vår vesle andedam. Erna ser nok på alt dette som lite å bry seg om, så ho er no på afrikatur i staden. Der fann ho noko som var større; afrikanarane held no på å drukna i plast og søppel. Å rydda i dette blir nok eit satsingsområde for Norge, på same måte som berginga av regnskogen rundt Amazonas vart det. Alle tek mot pengar frå oss, men kva vert dei brukt til?
      Ha ein fin plastfri vårdag i vest!

    3. Ja, me skal berga verda medan eigne utslepp går opp, ref auken i fjor som vart offentleggjort i dag. Erna slit med staurberinga, og Siv får lite anna enn bompengar til i sitt regjeringsprosjekt. Som om det ikkje er nok vil folket heller ikkje ha han Jonas på øvste taburetten. Snart er det berre han Trygve og Audun att å velja på. Dette kan verta morro skal du sjå! Fylg med, fylg med!!!

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg