Jylihymne 2019.


Google

Juli er vår store feriemånad og det ber nok hymnet mitt preg av også. Får satsa på at inspirasjonen sler inn i hovudet i august då valflesket skal delast ut. Eg gler meg allereide. forresten tykkjer eg at forballjentene våre gjorde det flott under forball-VM, All ære til dei og skam til Mini Jacobsen som ikkje tykkjer at dei er verd ei god løn. Då er det vel på¨tide å spørje kva tid testosterongalleriet (mennene) var i eit sluttspel sist, EM, OL eller VM.
God ferie og restsumar!

Julihymne 2019.

Fotball-VM er no slutt,
denne gongen var det for kvinner.
Noreg spelte med innsats og futt,
men USA vart den suverene vinner.
Kvinnefotball fengjer ikkje, var Minis konklusjon.
Det er ei stund sidan han var «luftens baron».

Ripe i lakken for bommotstandsgeneralen,
han skal vera ein olm og ubehøvla mann.
Me må ikkje gløyma om mannen er galen
lyt me for saka fast halda stand.
Me må ikkje døma sak for person.
Hugs, ikkje ein einaste ny bomstasjon.

Det er atter strid om vegar her vest,
pengemangel utset no fleire prosjekt.
Der langt mellom kvar snorklippingsfest,
for fyrst lyt vegbehova i aust verta dekt.
Reis deg vestlending, gå til aksjonar.
meir veg og langt ferre bomstasjonar.

Tobakken er bortgøymt og nøytralisert,
sikkert ein god ting for helsa vår.
Men no vil dei også ha vinflaska kamuflert,
og ølhundane skal få trengre kår.
Me skal vernast frå nytinga og synda,
og metoden er å verta overformynda.

Jaggu kom sumaren omsider,
med tropevarme og brennheit sol.
For gubben vart det litt varmt til tider,
men godveret fekk han ut or sin stol.
Men ikkje klag på ei og anna tropenatt.
Ver trygg, vestlandsveret er fort over oss att.
31.07.2019.M-m.

3 kommentarer
    1. Du greidde det utan å ty til agurknytt i år også; gratulere. Sjølv er eg langt unna bompengar, men ferjebillettane svir også. Reklamen for livsnytingar kan gjerne forsvinna, eg lever godt medminna om Gauloises, Gitanes, Oberpils og beaujolais. No lever eg vel, hadde det ikkje vore for knotten i varmen, då er det forfriskende litt nordavind. Nyt livet og sumaren!

      1. Ja, det var tider det Pedro, den gongen då metrobilletten var einaste transportutgifta, og kveldane på Charlety utgjorde underhaldninga. Nei, attende til nordavinden og myggstikka, det fyrste kan eg leva med i tropevarmen, men myggen kan eg godt vera forutam. Forresten hjelper nordavinden meg der også.
        No ser eg berre fram til at Ho Erna tek inn over seg årsaka til at ho rasar på meinigsmålingane. Me vil ha bort denne nye metoden for å skattleggja oss. Det vert meiningslaust at ei stadig minkande gruppe av fossilbilistar skal finansiera kollektivtrafikk, sykkelstiar og bybaner.
        God bomsumar.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg