Junihymne 2019.

Det har skorta litt på inspirasjonen den siste tida så dette vert kanhende siste hymnet frå gubben, dersom ikkje sumarvarmen skulle koma og lunka opp toppetasjen litt.

No vil dei selja øl på bensinstassjonane, og det aukar fort temperaturen i øldebatten, det kan trengast den kalde sumaren me har her vestpå – fylg med!
Så står det visst kamel på menyen dagleg i regjeringa denne våren, og han lyt etast både medhårs som mothårs. Er det ikkje abortdebatt så lyt Frp mest dagleg svelja bompengekamelar. Jaja, bonne apetitte, seier eg.
Av andre saker har me denne månaden fått mykje å skamma oss over. Flyging, plast og kjøt i alle fasongar må du halda deg skamlaus unna. Mitt mantra til det er moderasjon og omtanke, ikkje skam…
Vel, de finn kanhende eit par andre saker i hymnet mitt. God lesing og god sumar.

Junihymne 2019.

Så er det sumar og øldebatt
Bensinstasjonane vil no selja øl.
Ølflaske mellom knea og bak eit ratt;
det endar fort utfor vegen i ein pøl.
Ein pils når du lader EL-bilen din,
Fy, tanken må ikkje renna deg inn.

Kva gjer du om du er kåt på makt,
Jau, då kan du gjera som ho Erna.
Inngå ei bindane regjeringspakt
som opposisjonen ikkje kan fjerna.
Om du lyt seia ja til det du før vart mot
er du framleis regjeringspilot.

Frå ni til førtini direktører!
Ikkje rart dei laut skifta navn.
Vert alt no bra med så mange aktører?
Me ventar at dei får fyrste kontrakt i hamn.
Tapte kontraktar og slakting av navnet NSB,
ikkje rart det vert feite bonusar av det!

Ein ny lønnsadel veks også fram
med statsrådsløna bompengedirektører.
Flyreiser og julebord med vin og dram.
Treng me slike pengekåte aktører?
Og me fossilbilistar lyt betala for festen.
Vart det noko att til vegbyggjing forresten?

Me har hatt ei vasskandale i bygda vår,
Over to tusen forgifta av kommunen sitt vatn.
Når hjorten oppe på vasskjelda går
og der legg frå seg avføringsklatten.
Når kommunen ikkje vedlikeheld som dei bør
vert det askøyfolket si lommebok som blør.

Snåvar du skamlaus gjennom dagen,
skjems du slett ikkje over å fly,
eller å putta raudt kjøt i magen?
Du kan visst berre reisa skamlaust med VY.
Eg nektar å skjemmast over biffen i ny og ne,
eg vil reisa og eta min mat i skamlaus fred.
30.06.2019.M-m.


 

4 kommentarer
    1. Inspirert nok til å skrive en slik kreativ hymne i alle fall.. du er så dyktig på det her altså.. Jeg klarer meg fint uten øl på bensinstasjoner .. Håper sommeren kommer med litt varme til både deg og meg..og alle andre snart.. 🙂

      1. Takk for hyggelig kommentar. Dine kommentarer er både hyggelige og inspirerende, og inspirasjon trenger gubben når det lugger litt.
        Ja, sommeren venter vi stadig på her også. Det går imidlertid rykter om at den stikker innom neste uke. Ha en fin sommer på dine trakter.

    2. Godt du ikkje er mellom dei 2000 sambygdingane dine som drakk vatn, du held deg nok til reinare saker, eller er det livet i Øygarden som har berga deg? Fint å sjå at du framleis er åndfrisk og produktiv, junihymna er av godt gamalt merke.
      At ingen har kome på å la utlendingane drive med jarnvegane i Norge før, det er ei strålande løysing. Engelskmennene og sveskane tek jobben, og då treng ein ikkje arbeidarar lenger – berre direktørar. Og billettprisane går ned; slå den! Framleis ligg eg verfast i godveret i Oslo, men eg må vel samla nok mot å dra nordvestover snart. God sumar!

      1. Nei, me rømde til Alvheim, men veit du kva, då me kom ut dit laut me koka vatnet der også nokre dagar. Snakk om å ha “hinmannen” etter oss.
        Kjekt med direktører, veit du, og no har bompengeselskapa funne ut det same. Der ynglar dei visst også no – og eg som trudde at fossilskatten vår gjekk rett inn på ein konto som sidan vert mjelka av offentleg transport og sykkelstiar. Men når eg ser på all teknologien som er hengd opp på bomstasjonane våre antek eg at noko av den skal nyttast i samband med framtidige måne – og – marsferder. Og då lyt det direktørar til, veit du.
        Me held oss heime i påventa av at Vårherre vil sjå i nåde til oss med litt sumarver.
        Mvh
        Magnus
        Adm. dir.
        Florvågvegen 36G. godstolslitardepartementet.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg