Januarhymne 2020.


Google.

Jaja, så er den fyrste månaden i nyåret over, og det same gjeld dei fleste nyttårsfortsetta. Godt å vera attende i “tralten”. Det gamle skrotten til gubben tek også til å lappa seg saman etter hallingkastet tidleg i januar, han kan i alle høve sova på begge sider att.
Månaden har elles ikkje verka lekjande på dei to gamle gubbane i Israel og i USA, men der er det vel moral og toppetasje det er noko i vegen med. No har dei rota saman ein fredsplan for midtausten utan at motparten, palestinarane, har vore med på den. Jaja, det ber mot val i begge landa så det gjeld vel å visa musklar.

Ja, og så har Erna og Siv skilt lag, og ho Sylvi er kome ut or fengslet ho sjølv meiner ho har vore i. Ei Sylvi i fri dressur no frametter kan gje gubben inspirasjon til fleire hymner i tida frametter.

Vel, no har gubben konsentrert seg om januar og framtida får vise om den gjev grunnlag for fleire hymne…

Januarhymne 2020.

Nyttåret starta med brak og fest.
Sjølv paven var feststemd og parat.
Ei kvinne greip tak i den øvste prest,
med eit paveleg dask på handa som resultat.
Det nyttar nok ikkje med slue kvinnegrep.
Pavar skal halda seg unna den slags knep.

I stova starta året også med brak
då gubben skulle ta ned julestasen.
Han klatra oppunder sitt stovetak;
fotfestet svann og han for på nasen.
Oksla og ribbeina tok verste smellen,
så dette vart fyrste nyttårsskrellen.

Her det politikkens skamstore sak
Nav fekk fengsla skuldlause klienter.
Kontrollkomiteen prøver å ta tak
å finna ut i virvaret av dokumenter.
Ansvarlege skulder helst på andre,
så dei slepp ned frå taburetten vandre.

Etter å ha rend rett på ein oljetankbåt,
vart marinens fregatt erklærd som skrap.
Staten saksøkjer tankreiar og ber om bråk
for eige inkompetent sjømannsskap.
Snakk om å retta bakar for smed,
Nei, no får staten la uskuldige få fred.

Så gjekk det eigentleg som venta,
Erna og Siv laut skilja lag.
Ei IS-kvinne og borna vart henta,
og regjeringsplittinga kom for ein dag.
Jaja, det var gøy så lenge det varde,
men kompromisskostnadane vart for harde.

Så er ho endeleg ute or fangehola.
Ho Sylvi pustar visst letta ut.
Glad kan ho no både skrika og skråla,
ute or kloa hans «kristenmannsknut».
No er ho attende i fri dressur,
frigjort frå sitt tyngjande fangebur.
31.01.2020.M-m.

4 kommentarer
    1. Liker alle årstidene ..men ekstra deilig når det går mot vår 🙂 Januar bra oppsummert her.. Skjer litt av hvert i denna politikken..glad jeg ikke er politikker.. Ha en fin kveld videre 🙂

      1. Takk for hyggelig kommentar. Enig, det er ikke så greit alltid å være politiker, det er mye rart de må svare for i medias søkelys. Men så er det slik at vi liker klare og ærlige svar, og det kan det skorte på rett som det er.
        Da må de tåle et spark på leggen…
        Ja, det lysner ute nå. Dagen er allerede over to timer lengre enn ved midtvinter så det går rette veien.
        Jeg er forresten imponert over at du stadig kaster det uti vintersjøen – min grense for bading går absolutt ved 20 grader! Ha en fin uke…

    2. Ja, så er me i gang med nytt år, og du leverar galskapen i fin innpakning. Det blir spanande tider framover. Siv og Sylvi treng ikkje legga band på seg lenger, og menn og kvinner frå marinen skal ut og sigla fregatt att. Vil vona at dei tek med ein eller annan spm har avlagt båtførarprøva, og kanskje sende ei melding til alle sjøfarande om at dei er på tur.
      Du som har båt skulle vel helst vore på lofotfiske no, eller kanskje du går på Torget og kjøper skrei til 400,- kroner kiloen.
      Ynskjer deg gode dagar framover, både for lekam og sjel!

      1. Marinen skal visst øva navigering i den norske skjærgarden og driva opplæring på fregattmannskap frå andre natoland. Her kan det verta stoff til mange hymner. I alle høve lyt ein stogga tanktrafikken ute ved Fedje og i Hjeltefjorden den tida øvinga går føre seg, eller og lyt tankreiarlaga få båtane sine inn på sjøkarta merka som del av øyriket her ute i havgapet. Dette kan verta muntert!
        Nei, lofotfisket heldt gubben seg unna. Han får tak i torsketungene på Meny så gourmetmiddagen kjem i hus utan at han treng frysa på nevane.
        No rustar han seg berre for virusen frå Kina. Ettersom kinesarane har tømd norske apotek for munnbind legg hann no planar for eigenproduksjon. Ein bladfyk i BT meiner i dag at eit putevar og ein gjenbrukt trusestrikk gjer susen som råvare.
        Jaja, me får førebu oss og sjå. Ha ein fin dag…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg