Februarhymne.

Februar er ein kort månad, men jaggu greier dei å rote det til rundt oss likevel. Vårherre har sendt sine stormfloer og stormar over våre syndefulle skrottar, og skulle me ynskja å trøysta oss med ei flaske raudvin eller anna fludium i dei verste stormriene så er samfunnet sine vaktbikkjer over oss og nektar å informera om nyheiter i polhyllene.
Jaja, me fann fram til vår Rioja likevel.
Største floppen i februar er likevel for meg det gedigne magaplasket NRK gjorde då me skulle få stemma fram vinnaren i årets MGP. Då stokka det seg heilt i den digitale NRK-verda. Det vil seia, millionar av emojiar – eller kva det no heiter – fylte heile datasystemet til NRK, og i staden for at millionar skulle få stemma fram vinnaren vart det 30 utvalde som fekk den æra.
At ein fiskeriminister skjøner seg på fiskeri er ikkje meir enn me kan forventa, men når han nyttar sin kunnskap til å fiska i offentlege pengekassar vart det vel litt i det meste laget for ho Erna.
Om nokon hadde forventa eit vers om Koronaviruset, så tykkjer denne “poeten” det emnet er for alvorleg til å ta det med i månadshymnet, sjølv om ein av vaktarane over viruset, Ullevoll Sjukehus, sette døra på vidt gap for styggedomen.

i
Google

Februarhymne.

Rører han Giske på seg att?
Vil han styra trønderpartiet?
Han som brått frå taburetten datt,
ned frå partikronprinsgalleriet.
Held han seg unna nattklubb og dans
kan formannsjobben verta hans.

Så kom stormfloa over oss att.
Elsa var namnet denne gongen.
Vatnet stod høgast den svartaste natt
og media song flaumvarslingssongen.
Denne gongen  ein tusenårsflaum,,
våt realitet, ingen draum.

Så til vårt statlege vinmonopol,
her kan du skaffa deg livseliksir.
Du får lov å kalla det alkohol,
men hald deg unna fest og svir.
Men kjem det nye varer på disk,
kallar du det nyheit, kjem statleg pisk.

Så lyt eg nemna årets MGP
med digital folkeavstemming på plass.
men trur de at NRK greidde det?
Nei, heile avstemminga gjekk i dass.
Brukte dei og Idaho same stemmeappen?
Var dei verkjeleg så treige i pappe?

Fiskeriministeren har vore på fisketur
nedi den offentlege fiskedammen.
Mange kroner låg der på lur,
men vart dei han til «fryd og gammen»?
Nei, lønnsposane frå kommune  og stat
kom heldigvis fram på skammens fat.
29.02.2020.M-m.

 

4 kommentarer
    1. Variert i ett sett mellom sol og skya i hele vinter her..men mye mildt 🙂 Herlig hymne.. Stemte ikke under Grand prix..og det var vel like greit..hehe… Fin kveld til deg 🙂

    2. Ja, her har vi nettopp hatt det som kan kalles vinterens første snø, sånn cirka 5 cm, haha. Men det er OK for et gammelt ektepar som ikke liker “glatten”.Ellers er ikke GP gubbens favorittprogram, men jeg fulgte årets forestilling og synes det var synd for artister og produsenter at avstemmingen ble en fiasko.
      Nå konsentrerer de gamle seg om å holde koronaviruset unna “huset”, vi er visst i risikogruppa, sies det, og det må vi forholde oss til.
      Ha en fin kveld østafor langfjella.

    3. Sist eg var inne fanst det ikkje spor av Skriblerier og Funderier. Der har gubben gjort alvor av trugsmålet og stengd ned heile butikken tenke eg,, men der er du; bra! I februar har me nok festa oss ved dei same sakene, bortsett frå stormfloa, me merka lite til henne. Alkohol og nordmenn går aldri bra i hop. Når me no får norsk whisky og gin, då må dette løynast for nordmennene. Avisene renn over av vintesting kvar veke, men det vert vel rekna som informasjon, og ikkje reklame.
      Eg er så gamal at eg hugsar Asia- og Hongkong-sjuka, men ikkje at me gjorde noko spesielt for å verja oss. Totalt gikk det vel med fleire millionar menneske, og her i Noreg 1100 i Asia-og 1800 i Hongong-sjuka. Tenkte me berre «Que sera sera» ? Ja, ja, me får berre sitje roleg og vona at ikkje alle oljepengane renn ut av bingen.
      Ha ei fin veke i karantenestova.

    4. Ja, kva anna kan me gjera enn å sitja roleg i godstolen, og glana på lageret av toilettpapir og Paracet – for ikkje å snakka om fleire hyllemeter med Joikakaker. Tida kan elles fordrivast med kurs i joiking på Twitter.
      Elles har me god hjelp frå høgare makter med å halda oss inne i desse Coronatider, for ute ausar det ned til tonesetjing av ein ny storm. På toppen av det heile forar NRK oss med Coronaen minutt for minutt heile dagen.
      Eg spritar skjem og hals kvar time så framfor TV-ruta er eg trygg.
      Ha ei aktiv helg med Antibacen.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg