Coronadans eller??

Coronadansen 2020.

Kva er det for ei øving,
ja, no du kan sanneleg undre.
Det er heilt enkelt butikkrøving,
og me handlar i over «hundre».

Joika, mjøl og hermetikk
fyller handlevognene våre.
Me dansar frå butikk til butikk
så føtene våre vert hovne og såre.

Men kva finn ein mest i handlekorga,
i denne coronastorhamstretida.
Nei hamstring av mat er ikkje sorga
som utgjer den store kundestrida.

Du har nok gissa det allereie,
du brukar det kvar einaste dag.
For deg som ikkje bruker bleie
er dorullen ditt hamstringsoppdrag.

No fyller du alle handlevogner
du slest om kvart einaste tørk.
Du tek gjerne turen fleire gonger
og fyller heimen frå tak til dørk.

Så har du omsider fylt loft og lager
og freden kan endeleg siga inn.
Du har papir for nokre tusen dager
men gløymde du å kjøpa middagen din?
03.04.2020.M-m.

Fristelsen ble for stor, jeg måtte bare fortelle om mine bestrebelser med å sikre rekvisita til den store forventede Coronadiareen. Ha en fin dag.
Bildene er hentet ut fra Google

2 kommentarer
    1. Noko godt har denne coronatida ført med seg, for no vart me nøydde til å gå laus på fryseboksen.Så langt har me funne middagsmat kvar dag, og eg trur me skal greie eit par veker til. Matmangel og rasjoneringskort frå barndommen har nok påverka oss. Egg, mjølk, frukt og grønt får me på døra, men kaffi, konjakk og dopapir har me så det greier seg.
      God påske!

      1. Ja, fryseboksen får slanka seg no, men berget av dopapir vil ingen ende ta. Eg kjem snutt nok fram til printeren ute i kottet, haha.!
        God hjelp frå born og borneborn, og ein og annan tur til krambua held oss unna armoda og forhåpentleg coronaen også. Stusseleg å sitja inne og sortera frimerke heile dagane. God påske til dykk begge.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg