Augusthymne 2019.


Foto.: Andrea.
Gubben på krabbefiske med ei tom teine i båten. Han får trøysta seg med at dette ikkje var heile augustfangsten.
Elles har august bydd på ymse krumsprang politisk som i livet ellers.
Mest merksemd har vel alle bompengeprotestane hatt, der det nesten førde til at ho Erna laut gå, men ho tok fram pisken og regjeringa snåvar vidare, enn så lenge.
I serien, møte seg sjølv i døra, har vel Jonas slite litt. Han som frontar nedleggjing at private omsorgstenester har sjølv investert i slike. Det er ikkje greitt å vera kapitalist.
Månadens gladsak i sengehalmen lyt vera at no skal Viagraen kunna seljast fritt. Eg seier ikkje meir.
På tampen ser eg at fylkesmannen har sagt nei til vindturbinstraum på ei fjellhytte på Hardangervidda, der den har stått i 12 – 15 år. Det var visst betre med eit dieselaggregat. Jaja.
——————————————————————————————————————————————————-

Augusthymne 2019.

No vedtek kommunane klimakrise
det gjeld å visa at dei fylgjer med.
Men akk, så gløymde dei å vise
kva tiltak som skulle bøta på det.
Der er flaut å vera høg og mørk
når klimainnsatsen heng til tørk.

Me har og hatt den årlege arendalsveke.
Politisk verkstad i eit framtidperspektiv.
Her skulle lukast bort ugras og kveke
men trur du me unngjekk krangel og kiv.
Nei,  nidvisene kom fort ut or hiet
tonesett av det nye bompengepartiet.

Ein evigvarande bompengekommers
kor Siv er komen heilt i klemma.
Syng regjeringa på siste vers,
eller slepp dei den leie bompengeblemma?
Det kan vera lurt å lyda på folket si meining,
om ein vil halda seg unna politisk steining.

Etter vekevis  med krangel og kiv,
laut «mor Noreg» stramma inn taumen.
Ho kom med fylgjande alternativ,
anten einig eller ut or regjeringsdraumen.
Surmulande laut dei gje seg for makta
for å behalda den «blågulgrøne» pakta.

Jonas har snåva i fonda sine
og investert i ein «velferdsprofitør».
Litt flaut med alvorsam ideologisk mine,
samstundes å jaga «profitøren» på dør.
Ikkje enkelt å vera sosialist
når ein samstundes er kapitalist.

No skal det verta sengehalmkommers
for Viagraen skal sleppast laus.
Gamle gubbar, de skal no «til pers»,
heite sengjer der dei tidlegare fraus.
Vin til middag og Viagra til natta.
ei gladsak gamlingen snautt kunne fatta!
31.08.2019.M-m.

4 kommentarer
    1. Mer moro å følge med på nyhetene her hos deg..enn på tv og i aviser.. 🙂 Håper ikke det blir bomring her vi bor som det er snakk om.. men går vel greit uansett.. Flott kar i “sjøblesten”… Kos deg med dagen videre 🙂

      1. Takk for hyggelig kommentar. Både kommentarene dine og dine egne innlegg er inspirerende for en gubbe som av og til sliter med høstmørke. MEN! Verden rundt, enten politisk eller i hverdagslivet inspirerer også til kommentarer. Ellers er det fremdeles dårlig med krabbe i teinene.

    2. Takk for kvadet frå fiskaren som ser ut til å ha det bra, sjølv om krabben ikkje kjem i teina. Kanskje du burde legge om drifta til sjøpølse, som det er nok av, men då må du skifte reidskap.
      Jonas sveitta nok då han vart teken som “velferdsprofitør, men no har Gamlemor Gro gått god for den villfarne AP-sjefen, så då er alt greit.
      Etter 6 veker er eg atter heime i Tigerstaden. I skyminga hamna eg på Gardermoen før eg fann vegen heim. Vegen sør for Hamar er eit einaste anleggsområde med rundkøyringar og piler i alle retningar, og når sola går ned forsvinn retningssansen. Det er gode tider i anleggsbransjen når hundretals milliardar rullar i kjempeprosjekt, fergefri Kristiansand-Trondheim og tre stamvegar Oslo-Bergen.. Men pytt-pytt. me er er då verdas rikaste land

    3. Nei Pedro, landet er ikkje så rikt, det er eg og du som lyt betala for all gravemaskinmassakrane over landskalpet som før opp det raude skamkjøtet me slurpar i oss medan siglebåtane skal føra oss i Colombustempo over Atlanteren. Neste år lyt du vel sigla frå Sandøya og heim til Oslo, men då kan du stogga ute i Øygarden hjå meg. Eg skal nok skaffa deg krabbe om du kjem.
      Kanskje me også kan kava oss opp på ein holme og ta del i eit eller anna grylekor, mot raudt kjøt, vindmøller, fossilbilar, bompengar eller noko anna. Her er nok å gryla for.
      No har eg ikkje tid til meir skriving. Eg lyt ut å gryla mot nordavinden. Ha ein grylande dag.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg