Appegymnastikk

Asbjørn Kristoffersen i gårsdagens Bergens Tidende inspirerte meg til å skrive ned noen funderinger om Amors apper..


Google

App-legøyer.

No kan ein skaffa seg alt på nett,
mykje kan han lyste når lauvet sprett.
Appane ligg der i tusental,
trykk på tastaturet og gjer ditt val.

Giktverken sovna og våryrsken vakna,
fram dukkar mangt han lenge har sakna.
og medan minna i skrotten nappar
rasar han rundt i Amors appar.

Snart står han framfor spegelen sin
den fangar snautt heile skrotten inn.
Hengjemage og hårlaus skalle.
Kan verkjeleg nokon for dette falle?

Han legg inn biletet på nettet,
kler seg romsleg og løyner fettet.
Så er det berre å venta på svar,
tykkjer sjølv han er ein grepa kar.

Så sit det ei og blar der ute,
kandidatane passerer hennar PC-rute.
Ho søkjer ein sprek og fyrrig kar,
Lysta aukar med meir ho blar.

Gløymt er bilring og det som sleng
no skal ho finna nett det ho treng.
Gamleoksen skal bytast ut,
no skal det verta ein lettføtt stut.

Men kvar enda Appegaloppen,
Kva vart den ultimate stoppen?
Jau hengjemage og den hårlause skallen
vart alternativet for tausa og kallen.
03.03.2017.M-m.

 

Februarhymne 2017.

Det hende så mykje i februar at eg greidde ikkje å slutta med skrivinga den månaden heller. Det er mogeleg at eg ikkje skjønte heilt korleis nyordet til Tadja og Jonas skal brukast, men eg laut prøva det. Elles har eg lete Trumpen få fred denne månaden, han fekk innreiseforbod på bloggen min, skjøner de.
At Rema 1000 dreit seg ut måtte Æ få med. Elles får de finna ut av dei kryptiske skriveria mine sjølv. Lukke til.

Google. Er det her Reitan annonserer at han kastar ut Lerum, Hansa og Mack?

Februar 2017.

Hen Jonas snikrar nytt program,
Hen og hen Tadja grunnar og skriv.
Då fall fort dette nyordet fram,
hen skal dei no nemnast, husbond og viv.

Skatteauke og kjønnslaust land,
spring til valurna alle mann!

Medan Jonas snikrar er Erna på reis,
ho vil stogga den høgaste ulvesongen.
For den politikken har gått heilt skeis,
og tapast kan bordplassen hjå kongen.
Det gjeld å sanka røyster i by og bygd,
elles vert endskapen arbeidsløysetrygd.

Vil du toppa lønsstatistikken,
og fylla di skrantande lommebok.
Kasta deg inn i fylkespolitikken,
då vert du kvitt di slitne arbeidsbrok.
Som fulltids politikar på fylkestinget
kan du fylla millionen i din pengebinge.

Her vest stranda ein utmagra kval
med magen full av søppel og plast.
Det stakkars dyret var til dauden skral,
eit resultat av vårt liv, «bruk og kast».
No lyt me vakna og berga naturen.
Me kan?kje halda fram i same duren.

No flyt søpla over i vår hovudstad.
Konkurranse og anbod var tingen.
Men resultatet gjorde berre rottene glad,
så politikarane lyt sjølv tømma søppelbingen.
Det var visst for dårleg kravspesifikasjon.
Ikkje lett i ein byråkratisk organisasjon.

NRK har sentralisert vit og forstand,
dugløysa finns visst i NRK?s distrikt.
Osloeliten vert send rundt i vårt land,
det vert visst betre lokalprogram av slikt.
Kva skal dei då med distriktskontora
når dei ikkje får bløma i vår mediaflora?

Høyrt siste nytt om Rema 1000?
No rømer kundar i hopetal.
Å kutta Hansa og Mack gjorde susen,
omsetjinga deira vart heller skral.
Tullar du med nordlending eller bergenser,
ja, då vil du få kjenne leie konsekvenser.

Så er arvesynda gjeninnførd av UDI.
Har du loge får å få ditt norske pass,
då kan også barnebarnet ditt få svi,
og passet hans kan kastast rett i dass.
Eg tykkjer mest synd på kongen
Lyt han syngja den danske kongesongen?
28.02.2017.M-m.