En sommer er (nesten) over…

Litt tidlig kanskje, men omstendighetene førte til at vi tok båten opp i dag.

Da er det veldig godt å ha yngre og ryggfriske krefter til å ta seg av vinterklargjøringen.
Magnus er flink, og tar seg av den aktiviteten.
Båten må gjøres mest mulig klar for vårpussen om høsten.

Forresten var det i dag så fint vær her ute i havgapet at en kunne neste angre litt på ilandsettingen.

Monsterbløffen ?!?!

For tre – fire år sidan hugsar de kanskje at dei hadde ei stor batalje med demonstrasjonar, aksjonar og politi ifm byggjing av ei straumline over fjellet frå inst i Hardanger til Samnanger. Grunnlaget for utbygginga var angjeveleg sikring av straumen til bergensregionen. Seinare har det vel meir eller mindre kome fram at det var oljeverksemda som trong denne straumen.
Aksjonistane og “folk flest” meinte at ein burde føra fram straumen i kabel langs Hardangerfjorden. Men nei, dette var både ein teknisk, praktisk og økonomisk risikosport så luftlina vart tvinga gjennom og står no ferdigbygd.
Aksjonistar er også dømde og bøtelagde for titusenvis av kroner.

Google.

Men kva står det så å lesa i BT i dag.
Jau, no planlegg dei å leggja ein straumkabel gjennom heile Hardangerfjorden og heilt til Skottland!!
Utruleg kor fort utviklinga går i våre dagar. Det som var utenkjeleg for tre – fire år sidan, nemleg ein kort sjøkabel ut fjorden er no berre ein “sytråd” i høve til kabelen til Skottland.
Står det til truande, NEI!
Då er det vel slik at når pengeinteressene og løynde agendaer får rå er det ikkje mykje me enkle sjelene som kallast “folk flest” kan gjera for å stogga galskap (les: Byggjing av monstermaster o.l.)
Her er det vel etterkvart nokon som må sitja med ein lei smak i kjeften.

Mykje nytt…

ICE-nett er et godt nettverkstilbud for oss som befinner oss utenfor allfarvei når det gjelder nettverkstilgang. Mitt abonnement gjelder et visst antall GB pr måned. Dersom mitt forbruk overstiger det går hastigheten drastisk ned. Derfor har jeg vært fraværende nå i vel en uke. Så fraværende at jeg ikke har fått med meg at blogg-lay-outen har blitt endret. Dette blir altså et forsøk på å få ut en ny bulletin…


Google.

Så er den heldigvis over, lærerstreiken slik at våre barn og barnebarn får det læringstilbudet de har krav på.

Hva som ellers har dukket opp av rariteter sist måned kan være så mangt.
Jeg hengte meg, bl a, opp i stemmesankingen til Borten Moe som vil ha bort  taxfree-kvoten.
Ja, og så viser sjakk-OL seg like pampete som de øvrige OL-arrangementene.
Jaja…

August 2014.

Og ferien nærmar seg slutten,
politikken vaknar til semje og kiv.
Borten Mo fyrde den fyrste salutten,
Taxfree-kvoten skal miste sitt liv.
Han trur visst at utan «kvoten»
skal senterpartiet berga kloden.


Sjakk-OL er no i gong
med spelarar i djup konsentrasjon.
Til pampane sin jubelsong,
og ein rikeleg smørjerasjon.
OL skal  vera ærleg kappeleik,
ikkje smørjing for pamp og sjeik.

Så fekk me haustens fyrste storm,
han velta tre og rydda hagar.
Kan det vera den nye klimanorm
som råkar oss i desse dagar?
Nei, me gøymer fort slike tankar
medan skuldkjensla i skallen bankar.

Så har skulen starta att,
utan lærarar denne gongen.
Elevar som ville ta skuleåret fatt,
står ute og høyrer streikesongen,
om tillitsbrot og arbeidstid.
Få slutt på striden, gjer dykk litt flid!

Gjev du blod, må du ta deg i akt
og halda deg unna akupunktur.
noko om det har EU sagt,
og oversetjinga var ikkje så lur.
Sjølv om du er frisk og sunn og god,
får du visst ikkje lenger gje blod.
30.08.2014.M-m.