Bilhandel…


Dette rimet kom til i 2009 i samband med eit anna bilkjøp, men temaet er faktisk like aktuelt i dag. Kanskje er diktet publisert tidlegare, men ein gamal gubbe gløymer, så de får bera over med han.

Bilhandel.

Bilkjøp plar vera ei underleg øving.
Den startar fyrst med gransking og prøving.
Ein glattsleikt seljar i Armanidress
overtyder deg om at hans tilbod er best.

Lakken er blank og lukta er ny,
og bilen kan visast til bygd og by.
Knappar til alle slags tekniske triks.
Har du problem så, trykk og fiks.

Her er lyklar til å ordna starten,
knapp til å halda rette farten.
No kan kjerringa halda stilt,
elektronikken hindrar deg å fara vilt.

Seljaren kliner på store ord,
han vil også imponera mor.
Fargar, form og enkel betjening,
farkosten styrer du godt utan trening.

Så skal doningen sjølvsagt prøvast.
Alt det nye skal også øvast.
Du ved rattet og kjerringa ved sida,
på motorvegar og krøtterstia.

Alt må prøvast, kvar knapp og pedal,
Du køyrer så kjerringa vert mest hovudgal.
Men finn snart ut at du køyrer eit vidunder,
frå null til hundre på få sekunder.

Jau, dette var då noko til vogn,
du køyrer på timen heilt opp til Sogn.
Men så var det dette med prisen då.
Er banken klar til å gje deg eit gå.

Du luskar deg til seljaren med tvekan sinn.
Skal tru kva du får for gamlebilen din.
Han er nærast verdsett som skrap,
fram til den nye, eit prismessig gap.

Du fer heimatt med gamlebilen
etter å ha turka bort kjøpesmilen.
Skal, skal ikkje, er spørsmålet no.
Ynskjet om nybil nører som glo.

Og gloa nører seg opp til ein eld.
Du tek deg ein drink og besluttar i kveld
å gå for ein verkjeleg dårleg deal.
Du sel ein fullt brukande, for ein ny dyr bil.

11.03.2009.M-m.

4 kommentarer
    1. annebe.blogg.no: Kjekt å få ros. Dette diktet skrev jeg sist vi kjøpte bil, men problematikken gjelder fremdeles, og min El-bil fungerer fint.
      Ha en fin kveld.

    2. Som ein framtidsretta aktiv kar er du nok alt i gang med å sjå framover. Kva kjem etter EL-bilen? Eg trur du endar opp med eit slags drone-farty. Hadde ikkje det vore noko; fridom over alle grenser. Men inntil vidare får du ta deg varsamt fram på holkeføret med EL-bilen, for no kjem vinteren.

    3. Pedro: Ja, du sette meg på noko der Pedro, “droning” kan vera tingen. Men ettertanken sier meg at eg har meir enn nok med å handtera 10% av elektronikken på EL-bilen. Er det derimot slik nokon vil ha det til, eit nytt liv etter dette; kan ein aldri veta kva reinkarnatøren kan finna på.. Nei, no rota eg meg viss heilt bort så eg får dra ut å tilvenja meg det meldte vinterføret.
      Ha ein isfri kveld.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg