En rosa verden.

Dette vert vel dagen då ein gamal gubbe skal driva skikkeleg bannskap i kyrkja og stilla seg naken for både bannbull og det som verre er.. Han har lenge undra seg over desse såkalte rosabloggarane Umåteleg populære har dei vorte, mange av dei fylte med botox, silikon og andre stoff gubben ikkje hugsa navnet på ein gong. Han lyt skunda seg å tilføya at det er dei færraste som tilhøyrer den kategorien, men til gjengjeld er det dei fleste av dei som ligg høgast på følgjarbarometeret.
Og gubben meiner at tankekorset ligg nettopp her. Kvifor så mange følgjarar? Er det avdi desse rosabloggarane er representantar for noko følgjarane sjølv skulle ynskja å vera, eller kan det vera andre årsaker til den store interessa – pengar kanskje? Ikkje veit gubben.
Når det no etter kvart har vorte litt negativ betoning av begrepet rosabloggar har brått eit nytt ord dukka opp, nemleg ordet “Influenser” (påverkar). Det skal tydelegvis ufarleggjera  denne puppe, rompe, leppe og outfitfokuseringa. Har de forresten ikkje registrert at mange av desse influensarane nærast går rundt med nebb etter alle boroxsprøytene. Det ser ganske j–leg ut, tykkjer gubben.
Huff nei, no har visst gamlegubben rodd seg litt langt ut på det rosa havet. Men det han meiner er at med få unntak kan me vera godt nøgde med den skrotten me har fått tildelt utan å fylla den med alskens kjemikalier.
Ha ein kjemikaliefri dag kjære bloggvener.

Google

Den rosa verda.

Kva rømer me frå,
kvar  ynskjer me oss til?
Er dagane for grå,
kva med ein lykkepastill?

Kva skal til for å lysa opp,
kva må til for å farga dagen?
Ho tek til å vøla sin kropp,
han trenar på seg sixpack på magen.

Pupper vert fylte med silikon,
leppene bugnar av Botox.
Han gumlar på styrkehormon,
piggstrie hårtuster av hårvoks.

Han pumpar musklar, men kva gjer ho.
Jau, ho har fått seg ein blogg,
fylt med rosa, ungdommeleg glo.
Sit der og knottar utan stogg.

Ho har så mykje å fortelja,
om outfit, og om eigen kropp.
Ho vil reklamera, syna og selja.
og rosafargen, den er topp.

Vakker er ho slik ho framstår
på PC-ruta i all si prakt.
Med puppestell, outfit og kjøpehår,
ho lyser av reklamemakt.

Mange vil verta nett som henne.
Formfull, vakker og populær.
Ein let seg kanskje lett forblende,
av form og fargar og vakre klær.

Men slik er kan hende den nye tida,
kor pengar kjem lett og laust.
Berre å logga på internettsida,
der lokkar tilboda heller raust.

Og rosabloggen, idealet for mange.
Teiknet i tida på ungdommeleg styrke.
På «girlpower» og parfymeange.
Eit idol som mange vil dyrke.

Men skal designarkroppen vera idealet,
kvar vert det av natura til sist,
når forma, innhaldet og futteralet
vert framtidas moteekvillibrilist.

Nei, dette vart visst ein kverulerande tanke,
frå ein som sit vagla på sin gubbeplanke,
som stiller seg lageleg til for hogg,
utan trutmunn og rosablogg.
21.10.2014.M-m.
 

8 kommentarer
    1. karidansen: Av og til renner det litt over når jeg titter innom disse rosabloggerne, men det har kanskje litt med samfunnssituasjonen, prestasjonssamfunnet og liknende å gjøre med at denne trenden har hatt en grobunn.
      Vel, jeg fikk sagt noe om fenomenet rosablogg, og takk for kommentaren. I dag blir det, på med turantrekket og en tur i skogen. Gamle skrotter må vedlikeholdes, vet du.

    2. Din eminente beskrivelse av dette rosa-livet virker skremmende på en gammel kall, men du ligger nok ganske nært det virkelige liv. Det er lenge siden den lille piken i lave sko var et ideal. Forøvrig er vel denne piken nå en eldre bestemor som har gått på skjønnhetskurs, som har anskaffet seg både pudderkvast, kalket hud og ikke minst fargerike tatoveringer. Nei, ingen ting er statisk i denne verden.

    3. Pedro: Nei, piken i de lave sko er nok gone forever, og henne lever vi godt med begge to. Det som er synd er at man, for å kunne føle seg helt “in”, skal lokkes til mer eller mindre drastiske inngrep på og i kroppen. Jeg undres på hvordan et botoxoppblåst fjes vil se ut når man er 70, og når man ikke ønsker å blåse opp fjeset lenger?
      Ha en rolig kveld uten silikon og botox.

    4. Skremmende med alt folk gjør med utseende sitt..helt vanlig at unge jenter fikser på ting som allerede er “perfekt” fra naturens side.. og når så mange leser blogger har det stor påvirkningskraft..
      Det positive er jo at du fikk laget et artig og opplysende dikt om det..hehe..

    5. annebe: Det ble kanskje vel mye gammelmannstanker i dette innlegget, men jeg kan ikke fri meg fra tanken at storparten av denne kroppsfiksingen må være unødvendig. Som min venn Pedro skriver er nok ikke piken i de lave sko “in” lenger – og det er kanskje like greitt, men nå er vi i en annen ytterlighet.
      Ha en fin kveld i den nye godstolen.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg