EU-kontroll av kropp og sjel – – – og bil.

Etter at eg var på EU-kontroll med bilen for eit par dagar sidan kom eg litt i tankar om dette å eldast, og at vedlikehald og kontroll er viktig. ikkje berre for bilen, men også for den som skal halda bilen på vegen, i dette tilfellet denne gubben. Etter ein viss alder lyt dei begge regelmessig sjekkast og klarerast for vidare drift. Dette inspirerte gubben til å setja nokre ord ned på rim.

Hugs denne annankvart år.

Synsjekken er viktig.

EU-kontrollen…

Det som eldest vert slite og skralt
Det gjeld både gubben og bilen.
Begge treng titt å bli overhalt
for å koma seg inn under EU-stilen.

 Dersom du har ein gamal bil
er teknisk kontroll eit EU-krav.
Har den gått mange mil
lyt doningen over ei smørjegrav.

Hjul og bremser vert kontrollert,
og styringa må ikkje vera slakk.
Du sit og ventar, og skjelvande ber,
at godkjenninga ikkje gjer deg blakk.

Er lukka med deg, og dagen er din
får doningen to nye år på vegen.
Bilturen heim går lett i sinn,
men no lyt du tenkja på turen til legen

For, om du har ein tilårskomen skrott,
slarkande pumpe og giktbrotne bein,
kan det og gjera steikande godt,
å få roa ned ein verkjande nyrestein.

Og der passar EU og staten godt på
du får sjekka synet,  håvet og bolen.
Minst anna kvart år lyt du då,
setja deg ned att i lekjarstolen.

Der vert du saumfaren og målt,
syn og vet vert nøye vurdert.
Endeleg er du gjennomtrålt
og kanskje  lukkeleg på nytt klarert .

Dei kom gjennom nålauget enno ein gong,
både gubben og hans bil.
Om ikkje med høglydt jubelsong,
gjekk heimvegen med eit smil.
24.07.2018.M-m.

3 kommentarer
    1. Min EU-godkjenning holder til november, sertifikatet holder til 2020, men servicen skulle vært tatt i juni. Det er ikke lett for gamle folk holde styr på alt dette. På to år har jeg kjørt litt over 8000 km, så det er nesten synd å bytte olje. Vår miljøbyråd har all grunn til å være fornøyd med meg. Men Møller Bil greier sikkert å komponere en faktura på noen tusenlapper ved neste besøk likevel. Kanskje båt er løsningen, men fisken i indre oslofjord tar vel knekken på helsa. Ha en flott sommer på sjøen med alle papirer uorden (båtførerprøven inkl.)

    2. Her ser jeg det ble en trykkleif. I og U sitter ved siden av hverandre. « i orden» ble til « uorden». Det må være varmen, eller kanskje det er alderen.

    3. Pedro: No er både eg og bilen klarert til 2019, og Møller bil er happy for at deri kunne kikke på bremsene mine. Der fekk dei 5.000 til dekningsbidraget, men eg har ein strøken bil – og da så.
      Ellers er det forjæ— varmt her i dag. 31 grader er langt i overkant for ein vanligvis kuldeslått stril.
      Me får nyta gradene så lenge dei er her. Me kjem nok ned på jorda att snart, tenkjer eg.
      De får nyta sumaren Oslo også.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg