Året som gjekk…

Bilderesultat for nyttår 2018
Google

Det er vanleg å gjera opp bestikket ved kvart årsskifte, det får også eg prøva å gjera. Det vert gjort på den måten at eg har plukka ut eit vers frå kvart av månadshymnene mine og sett det saman til eit årssamandrag. Her er så noko av hymneåret mitt.

Årssamandrag 2017.

Januar.
Verda har fått ein ny president,
Trump, om det har gått hus forbi.
Beskjeden er han ikkje plent
så verda er i spaning for ei ny tid.
Ein storkjefta og respektlaus rabulist
flytta inn i det kvite huset til sist.

Februar,
Høyrt siste nytt om Rema 1000?
No rømer kundar i hopetal.
Å kutta Hansa og Mack gjorde susen,
omsetjinga deira vart heller skral.
Tullar du med nordlending eller bergenser,
ja, då vil du få kjenne leie konsekvenser.

Mars.
Eigendomsskatt er på moten no.
Sume kommuner skattar alle bygg.
Har du hundehus eller utedo
kan du slettes ikkje kjenna deg trygg.
Eit hundehus vart oppmålt oppe i nord;
to kroner skattekrav kom på eigarens bord!

April.
Sykkel-VM er visst svære greier,
heile 200 millionar er den stive prisen.
Her skal stengjast både gater og veier,
i heile 14 dagar ? Fyttigrisen!
Men 200 millionar er mykje penger,
bruk dei heller på eldrestell og sjukesenger.

Mai.
Ein kval med magen full av plast
laut avlivast i sjøen her vest.
Resultat av vårt liv i bruk og kast
gjer hav og hamn til søppelpest.
Men no har dugnadsånda sigra
frå nord til sør, og vest til Vigra.

Juni.
I sumar lyt me visst binda oss fast i stolen,
for denne valkampen kan verta stygg.
Skamlaus retorikk frå talarstolen,
svir verre enn stikka frå sumarleg mygg.
Har Trumpen lagt lista for oss her i landet,
for der er det mykje skit på tungebandet.

Juli.
Så er Trollpikken atter på plass,
den største fallosen her vest.
Kom ikkje med ein liten tass
når Rogaland byr på fallosfest.
Denne karen skal lokka turistar.
Var dette noko for vår kulturminister?

August.
No kranglar dei om norsk kultur,
Linda i pilgrim og Tadja på Trollpikken.
Kva er det politikarane trur,
eig dei verkjeleg ikkje folkeskikken.
Slik veljarnedvurdering gjer meg matt.
Har dei ikkje andre emne å ta fatt?

September.
Over er krangel, valvake og val,
endeleg kan dei pusta ut.
Dei tømmer sin politiske gral
nokon med glede, andre med sut.
Dei raude lyt kanskje sleikje sine sår
medan dei blå øvst på sigerpallen står.

Oktober.
Vanskeleg å skjøna Brende sin vei
Vil han eller vil han ikkje atomvåpen ha?
I Raude Krossen seier han nei;
men ministeren Brende seier ja
Ikkje greitt med mange hattar på
å velja, på kva fot ein skal stå.

November.
No lyt du passa på kva du seier
Fyrst var neger eit banneord.
No er du snart på ville vegar
nemner du indianer, er synda di stor.
Kva då med oss, kalla bysludd og stril?
Skal me døypast om, eg er i tvil.

Desember.
Når åttitalet no er passert
med krefter og motivasjon på retur,
og kanskje er gubben litt utdatert
med gamle tankar på sykkeltur.
Best å gje seg medan leiken er god,
Men det er tvilsamt om pennen finn ro.
31.12.2017.M-m.

 

4 kommentarer
    1. Du verden så fint du sammenfatter det som har hendt i året 2017! Velkommen inn i 2018! Håper dette året blir godt og brukbart for deg og dine og oss alle!

    2. mimremor: Dine nyttårsønsker deler jeg gjerne, vi satser på et år med positive opplevelser og mye bedre vær enn det vi fikk her vestpå i 2017.
      Ha en fin dag…

    3. Ja, slik var det. Artig å lesa det att, men endå artigare vil det verta om 25, 50, eller 100 år. Då blir det neppe me som les det, men stoffet femner vidt og breitt, så det vil sikkert interessere både sosialantropologar og andre. Eg reknar med at arkivet er komplett og teke godt vare på.
      Ein fin start på 2018.

    4. Pedro: Eg trur at du byggjer hymnene mine litt for høgt, men det kunne sakta ha vore artigt å sjå kva som hender om nokon finn funderia mine om 50 – 100 år. Arkivet vert forlate komplett både digitalt og analogt (på papir).
      Me ser no fram til ljosare tider ut i januar…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg