Novemberhymne 2017.


Google.

Novemberhymne.

No skulle gubben elektrifiserast
med ny og sprek elektrisk bil.
Men doningen kunne  ikkje leverast
og attende sat ein vonbråten stril.
Eg trudde at USA kunne laga bilar,
men no er eg gjort til tvilar.

Christine, høvdingen i SSB
ville omorganisera byrået.
Ho Siv likte visst ikkje det,
og då vart det bråk på dette nivået
Ho møtte ein advokat med hersketeknikk.
Eg lurer på kven som tek siste stikk.

No lyt du passa på kva du seier
Fyrst var neger eit banneord.
No er du snart på ville vegar
nemner du indianer, er synda di stor.
Kva då med oss, kalla bysludd og stril?
Skal me døypast om, eg er i tvil.

Så er skisirkuset endeleg i gong,
Men Northug manglar i troppen.
Då syng pressa sin syrgjesong
for å få han med i skigaloppen.
Men han var sjuk i starten av sesongen
så då lyt han få kvila denne gongen.

No har dei vore i budsjettkrangel att.
I år er det sukkerskatten som gjeld.
Dei kranglar trottig natt etter natt,
Og til sist taper vår godteposekveld.
Men vert me eit sukkerfritt, sunnare folk?
Fylg med, du kan få svaret i neste bolk.

            Gubben var lei novemberskodda
            Lanzarote lokka der sør.
            Bort frå både piggdekk og brodda,
            bort frå skodderegn utom dør.
            No skulle han lunka sjel og kropp
            difor vart Lanzarote neste stopp.

            30.11.2017.M-m.
 

4 kommentarer
    1. Du kom i mål i fin stil med tankegods for nokon kvar; fint levert. Men no når du kjem heim full av energi og arbeidslyst, då skal du ta tak i strilenamnet, før det kjem på svartelisra. Opprett eit strilemanntal, med 50-60.000 namn kan du krevja eit strileting (200-300 arbeidsplassar). Askøya er stor, så finn nok eit par hundre mål til ei tingstove. Med eige flagg og eigen nasjonaldag kjem sikkert kongen for å kast glans over strilane. På denne nasjonaldag nr. 2 blir det canapear og sjampanje. Dette er store ting, og gjett kven som blir president. Gratulere!

    2. karidansen: Hyggelige ord. Du vet, mange av livets gjenvordigheter, både i politikken og i samfunnet ellers inspirerer en gammel kverulant til ordsnekring.

    3. Pedro: Dette var en interessant tanke, men eg er redd for at det kan verta mange stilekrigar før presidenten er vald. Strilen er ikkje mest kjend for semje og fred.
      Apropos fred, fyr opp adventstaken og ha ei god juletid.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg