Oktoberhymne 2017.


Google

Oktoberhymne 2017.

Så har Nobelkomiteen tala,
det vart pris til atomnedrusting i år.
Det fekk regjeringa til å bala
dei som saman med atommaktene står.
Dette var skammeleg Erna.
Vil du verkejeleg atombomba verna?

Vanskeleg å skjøna Brende sin vei
Vil han eller vil han ikkje atomvåpen ha?
I Raude Krossen seier han nei;
men ministeren Brende seier ja
Ikkje greitt med mange hattar på
å velja, på kva fot ein skal stå.

På Vestlandet var Jonas på friarfot,
men fekk seg eit spark på leggen.
Han fekk ikkje fisk i si snurpenot,
han møtte visst velgjarveggen.
No har han så sagt, takk for sist
Ingen toppverv vart oss tilvist.

No vil Trumpen IQ-testa seg
men kunne han ikkje gjort det før?
På høg tid at han tar dette steg,
kunne spard oss for mykje tøv og rør.
Han kjempar mot sin utanriksminister
Eg skjøner ikkje at han seg drister.

Ho Siv sto fram i Pocahontasdrakt
etterfylgt av mediahylekoret
og landsomfattande Instagramforakt
som tevla om det mest kritiske ordet.
Har me gått frå forstand og vett?
Vart dette større enn vårt statsbudsjett?

Brækhus har no boksa att,
ho møtte ei svenske i ringen.
Fem runder gjekk før svenska datt,
ho tolde ikkje Brækhussvingen.
The First Lady er enno på toppen
i ein sport som er farleg for kroppen.

No trekkjer gubben på åra,
enno ikkje på veggen, i hornet.
Om han stundom må dra seg etter håra
tek han gjerne «verda» på «kornet».
Om skrotten av og til ikkje er med,
gjev ikkje hovudet «pennen» fred.
31.10.2017.M-m.
 

4 kommentarer
    1. Ha-ha – bra at HODET er med, og DET er det til gagns. Sjøl om jeg ikke er den som følger mest med når det gjelder politikk, så har jeg så absolutt glede av å lese disse “hymnene” til den funderende Gubben i Vest! 😉

    2. karidansen: Haha, kjekt å høre. Jeg er vel en gubbe som trigges av korttenkte, og av og til litt dumme utspill fra de som skal “styre” oss. Da våkner satirikeren og pennen kommer i gang.

    3. Ja, der fekk eg meg ei tankestund. Kvar dag strøymer det på så mykje nytt at ein ikkje orkar å fordøya det. Fin at du minner oss på hendingar i den nære fortid, og at du greier å få til ei interessant vinkling på sakene. Takk for kvadet! No kan du sessa deg i godstolen og vera nøgd med godt utført arbeid, medan det dryp ute.

    4. Pedro: Det dryp ikkje, det renn, og skodda hindrar utsynet til Fløyen. Jau, dette er dagen sin!
      Takk for tilbakemelding forresten.
      På dagsetelen min ser eg at det vert ein tur til kjøpesenteret, eg får finna meg ein stol i oldingkråa kor eg kan jamra meg saman med likesinna.
      Ha ein regnfri dag…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg