Morgonstund og fiskelukke…

Me skal ikkje alltid klaga, eller kanskje skal vi det. Kva veit eg, men i går morgon – og i dag, for den saks skuld – såg det slik ut når eg såg ut glaset i solrenninga. Sola dukkar straks opp bak Ulriken og lover ein fin dag. Det regnar ikkje alltid her i Bergen!
Den ekstra sola som er på biletet er nok ein refleks av ei taklampe. Skuld på fotografen.

Så var det tegnekunsten til Magnus då. Her har han karikert morfaren sin på ein smart måte. Kanskje han tykkjer at fiskeskrytet til morfaren lyt visast fram, og denne fisken har vel ikkje kom over ripa til morfaren sin båt. 

 

4 kommentarer
    1. Audun Hetland var nådelaus i si utlevering av bergenserane. No må du akta deg, sidan du har fått ein tilsvarande kar i familien. Ikkje rusle rundt ubarbert i undikken lenger, det kan straffa seg.
      Ha ei god helg, strigla og fin.

    2. Pedro: Ja, her gjeld det å passe seg. Han lyt levera tegneblokk og blyant i døropninga når han kjem. Nei, dette er berre artig, spesielt at han har ein evne morfaren er heilt blotta for, og misunner han.
      God helg…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg