Alvheim…

Bygda mi.

Frå havet ser du inn mot land
og sjøen lugnt seg krusa.
Små viker, øyar og ei og anna strand,
og innafor augnar du husa.

Skarven i flokk på ytste skjær,
breier og turkar sin veng.
Ærfuglen dukkar og held seg nær
si tangbygde brureseng.

I Alvheimssundet terna skrik
og dukkar etter si føde.
Stormåsen slest så fjørene fyk
fiskeslog er hans brøde.

Alvheim har ei vakker hamn,
skjerma frå storm og stråk.
Her ligg båtane stavn ved stavn,
trygge frå uverets åk.

Raudmåla naust dei ligg på rad,
her var det liv og røre.
Kvar morgon fiskaren for avstad,
med garn og fiskesnøre.

Ei tid var her også krambuer to
Det var Snyggen og Svinten.
At begge kunne leva eg aldri forsto
for folk her laut snu på mynten.

Om vinteren var det sildefiske
og fangstane kom til lands.
Jamvel dei gamle vart spreke og friske,
i glede over ein fangst.

Frå sjøen går du Vardebrekka opp,
eit gudshus på høgre hand.
kvardagsslitet fekk her ein stopp
hit kom kvar kvinne og mann.

Oppover garden ligg husa på rad
kransa av karrige hagar.
Her møttes gode naboar glad,
på varme sumardagar.

Alvheimsvatnet ligg vakkert og stilt.
nedunder Stølhøytoppen.
Men i nordavindsriene ryk det vilt
og mergkulda slit i kroppen.

Når stormen sler inn med salt på ruta.
og havmarmen durar stygt.
Då ser kvar mann etter si skuta
at ho vert liggjande trygt.

Garden er vakker på godversdagar,
karrig – men likevel rik.
Om livet er strevsamt, dei sjeldan klagar,
eg trur dei godtek det slik.

Bygda er mi, og her vil eg bu
med stille og fred i sinnet.
Du forma mitt liv, gav von og tru,
og mange herlege minne.

05.06.2009.M-m.

 

 

10 kommentarer
    1. At ingen har kommentert denne vakre heimstadskildringa er vanskeleg å skjøna .Du har fått fram mykje av det vi forbind med bygda vår både i fortid og nåtid. Eit flott epos som fortener å bli sett musikk til. Kanskje du kan engasjera din næraste familie og utfordra deira musikalske evner. Det kunne bli den nye bygdesangen. Grunnlaget er på plass. Her har du vore i slaget. Gratulerer!

    2. Fantastisk og hjertevarmt dikt. 💖 Eg fant den delt på Alvheim Kråkelag si side i dag. Eg tenkte at dette dikte med deg må få sin kulturelle plass på sommerfesten i år om det er greit for deg?. Finnes det ein melodi på den ?Mvh Olaug Elise Alvheim

    3. Olaug Elise Alvheim: Diktet må brukast om de ynskjer det, heilt eller delvis. Elles er det vel kanskje såpass urytmisk at det kan vera vanskeleg å setja melodi til det, men dette kan du betre enn meg Olaug.

    4. Tusen takk for at du deler ditt verk og at vi kan bruke det. Det beste hadde vore at det vart lest opp av diktaren sjølv om du hadde villet det i sommer, så kunne det vert spelt lett gitar eller piano i bakgrunnen med enkle akkorder. Melodi kan eg sjå nærmer på om du ønsker det til ein gang å synge den også.

    5. Anonym: Nå er jeg ikke helt sikker på hvem du er, men kanskje kan det pusses litt på det rytmiske med tanke på tonesetting. Ellers høyrest ditt forslag om lesing med lett bakgrunnsmusikk greitt ut. Det kan verta fint. Kven som les, kan me vel verta einige om.

    6. «Undrer meg på hva jeg får å se», skreiv Bjørnson. Du gjekk nok også og undra deg i barndomen, og du var ute og såg, men det beste fann du kanskje heime. I alle fall er dette ei fin hylling til fødestaden. Det traff nok mang ein øybuar frå vestlandet; meg medrekna. Eit flott kvad!

    7. Pedro: Takk, men orda kom som dei kom, ein sumarkveld ute i Øygardeen. Eg tykte at eg greidde å få fram skildringa slik eg ville, og då er det hyggjeleg at den også kan gleda andre.
      Ei helsing frå Praha (i vinterkulde!), men maten og vinen er god, og gamlebyen er vakker.
      Ha det fint..

    8. Hei igjen . Det var meg Olaug som kommenterte det med speling i bakgrunnen.m.meir. Snakkes nærmere når det passer.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg