Aprilhymne 2017…

April 2017.

Vert det for keisamt i løvehola
fer dei ut i verda for å læra.
At det kostar er 26 mill får me tåla,
kostnad for lærdommen deira får me bera.
Eit stormøte med Statoil i Tanzania
er betre enn dagstur til vestlandssida.

Så har han Jonas fått kjeft,
han tenkjer for lite på distrikta våre.
Men her har SP-Trygve verkjeleg teft,
dei fyk fram på ei meinigsmålingsbåre.
Jonas sler attende med det same,
«Distrikta ligg løynt i heile programmet».

Bokstavar er no vorten politikk,
denne gongen gjeld striden ein «K».
Hareiden er sint så han «sprikk»,
medan han Jonas lest ikkje forstå
at K-en er ein heilag bokstav i KRLE,
så Krf vender samarbeidstommelen ned.

Det er ikkje berre Jonas som vert vraka
av Hareiden frå sin landsmøtetalarstol.
Nei, Erna og Siv må også vondord smaka
dei fylgjer nok heller ikkje hans store idol.
Vondord vert spreidd med syrleg galde.
Ynskjer han no under sperregrensa falle?

Ho Erna har no vore på tur til Kina,
dei har visst vorte vener att.
Då fredsprisen gjekk på ei mina,
vart Noreg og Kina hund og katt.
Etter seks år sigra vit og forstand,
og me kan te oss som siviliserte land.

Sykkel-VM er visst svære greier,
heile 200 millionar er den stive prisen.
Her skal stengjast både gater og veier,
i heile 14 dagar ? Fyttigrisen!
Men 200 millionar er mykje penger,
bruk dei heller på eldrestell og sjukesenger.
30.04.2017.M-m.
 

2 kommentarer
    1. Ja, no har politikarane kom i siget, og det blir nok mange morosame utspel framover. Alle vil oss vel, men det blir nok me som endar opp med rekninga, same kven som styrer. Men du kan vel sikra økonomien for lang tid framover no i desse sykkeltider; la no syklistane få bu i husværet ditt for ein 100.000-lapp eller to medan du sjølv tek eit par veker i Syden, men hald deg unna Apollo.
      Nyt vårdagen.

    2. Pedro: Takk for tipset. Å leige ut kåken kunne vera ein ide, dei skal jo sykle rett utafor glasa våre.
      Nei, dei pengane bør eg vel halda meg unna. No som Apollo har vorte bannlyst i huset får eg greia meg med den månadlege appanasjen.
      Elles ser eg fram til muntre politikarutspel no framover, men eg frykter som du, at dei positive omtalane av utspela deira druknar kostnadane dei fører med seg.
      Det gjeld å halda seg vaken.
      Ha ein fin dag.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg