Spleiselaget…

Eit underleg, men kjent uttrykk som er brukt og misbrukt både i politikk og organisasjonsliv…Det skal få oss til å opna lommebøkene for saker eller tiltak me sikkert kan einast om.
Dei seinare år har me fått ein ny måte å krevja inn skatt på sidan politikarane ikkje vågar å ta inn nok skatt over skattesetelen til å løyse alle samfunnsoppgåvene. For å få bygd ut vegar, bruer, baner etc har dei no innførd ein ny og meir direkte skattleggjing, og denne skatten er kalla bompengar. Meininga med desse er at inntektene skal gå direkte til konkrete vegprosjekt, og dei vert ofte kalt for eit spleiselag.
Opp i alt dette skal me køyra mindre bil. Det er ikkje lett å få til. Difor vil staten no at me kvittar oss med dei mest forureinande bilane (fossilbilane) og går over til bilar med batteridrift. Som eit tiltak for å få dette til har staten sagt at El-bilane bl a skal fritakast for bompengeskatten.
Det er greitt nok så lenge fritaksformålet er å minska forureining. Men der bompengeskatten er innførd for å byggja og vedlikahalda vegar kan ein ikkje kalla bomavgiftene eit spleiselag, då det berre er fossilbilane som bidreg til oppgradering av vegnettet.
Her på Askøy har me nett eit slikt prosjekt som tek sikte på å auka vegstandarden med hjelp frå bompengeinnkrevjing. Resultatet har vorte at over 30% av bilparken er no EL-bilar, og denne andelen aukar dag for dag. Dette fører til at bominntektene går ned, og vert kompensert med høgare avgifter på fossilbilane. Litt av eit speiselag vil eg seie! Til oppgradering av vegnettet må sjølvsagt også EL-bilane vera med på spleiselaget.
Eg prøvde å sende eit innlegg om dette på rim inn til lokalavisa, men dei likte det visst ikkje. 
Om bloggen “likar” det veit eg ikkje, men her vert det i alle høve publisert.
Om nokon på Askøy eller andre stader er einig i synspunktet kan dei gjerne dela det med andre.

Altså…:::

Bom-bom.

Det er mest ikkje til å tru.
Fyrst finansierte me vår eiga bru.
Brua er betalt og me køyrer fri og frank,
og lommeboka fekk ein bompengeskavank.

No treng askøyfolket altså nye vegar,
men statskassa sparar og «knegar».
Kva vert finansieringsløysinga då.
Jau, ein ny dose bompengar, må de forstå.

Trur de at skatten skal krevjast frå kvar bil.
Nei, den gjeld berre dei som køyrer «fossil».
Kven kan fritt passera kvar bompengebu.
Jau, EL-bilen har vorte vår heilage ku.

Dei fossilslukande, giftspyande skal få svi.
medan EL-bilane for all del går fri.
Men gode og trygge vegar vil dei ha,
berre dei slepp å betale er det bra.

Kor dumme kan me fossilsvina vera
som heile vegkostnaden lyt bera.
Nei, EL-bildrift må vera planen
og vips, høyrer du til den rette klanen.

Men du kan ha eit fossilsvin på si?
og du auker køyrelengda di.
Så slepp du også rekkeviddeskrekk,
redsla for ufriviljug batterisprekk.

Så no resignerer eg, ingen tvil.
Det vert ein bompengefri elektrisk bil.
Fossilsvina får betala for vegane her
medan eg slepp unna med min «ampere».
29.03.2017.M-m..
 

6 kommentarer
    1. det var dårlig gjort av avisa å ikke ville trykke dette i avisa,dette er jo viktig å få frem,for hvordan skal elbilane komme seg frem uten pengar som tar vare p veinettet,nei det bør alle være med på spleiselaget,vi er enige i det

    2. fruensvilje: Ja, det er noe som skurrer her. Det er greitt at EL-bilen slipper bompenger inn mot byene hvor begrunnelsen er lokal forurensing, men når begrunnelsen er oppgradering av veinettet bør alle bidra, også EL-bilene…

    3. Når veibudsjettene sprekker, på grunn av EL-bilene, da finner man bare på en ny skatt. Politikerne er flinke slik. Du får helt sikkert lov til å være med på spleiselaget; med eller uten EL-bil.

    4. Pedro: Jada, det står ikke på skattefantasien i løvehulen, men foreløpig er vi av dem som finansierer fremkommeligheten for de hellige kyr. Jeg tror imidlertid at det tar noen år til EL-bilavgiftene kommer opp på fossilnivå.
      Ha en fin kveld, men finn fram snømåka, for i morgen kommer snøen. Vi har hatt forsmaken i dag…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg