Frå ukultur til kultur…

Bloggen min er som denne våren. Emner og stemningar skifter like fort som vårværet utafor stoveglaset.
Medan eg i går balanserte litt på utsida av kanten får eg skunda meg å skriva at dagen slutta mykje meir seriøst enn den starta. 

Foto.: Gro

Bergen Filharmoniske Ungdomsorkester hadde konsert i en nesten fullsatt Grieghall, kor det musikalske temaet var “norske fjorder og franske bølger”. Det vart ein flott kveld kor unge musikarar gav oss “bakoversveis” med den vakre framføringa.
Musikkstykka handla om sjø og vatn frå Arne Nordheims “Floating” via fjordane til Geirr Tveitt og Claude Debussy “Mer” til “Bolero” av Maurisse Ravel.
Gubben, som stort sett nøyer seg med to – tre klassiske konsertar i året skal heller ikke agera musikkanmeldar no. Men, Arne Norheim sitt atonale verk “Floating” gav verkjeleg kjensla for variasjonene i sjønaturen – kort veg frå storm til stille.
Avslutninga “Bolero” var mektig og flott. I det heile ein kveld rik på musikkoppleving og sosialt samvær med familie og vener. Kvelden vart avslutta med eit glas vin i Grieghallens foaje kor nokre av orkesterets musikantar gav oss ein liten musikalsk dessert.

Foto.: Gro
Amanda, vårt barnebarn trakterer smilende en av kontrabassene i orkesteret. Flink Ungdom…

2 kommentarer
    1. Variasjon på blogg er bra :)) Så artig tema for konserten…og helt sikkert en flott opplevelse, og sikkert ekstra moro når barnebarnet er med :)) Ikke vært på slik konsert..bare sett på tv ! God helg videre til deg og dine :))

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg