Gløymd ungdomstid…


Google

Handhelsing med forviklingar.

To 40-åringar møttest ein gong på fest,
den eine advokat, den andre prest.
Advokaten gav presten si hand,
han var då ein sosial og høfleg mann.

Han presenterte seg medan han spør,
«Har me ikkje handhelsa ein gong før?»
Nei, presten kunne ikkje hugsa det,
og bad advokaten vera meir konkret.

«I ungdomstida, ein kveld på ein bar
møtte eg ein gild og feststemd kar.
Vil du vita korleis kvelden endte ?
Jau, begge vart med heim til same jente.

Etter å ha festa til langt på natt
vart det for seint å ta heimvegen fatt.
Me hamna alle i same tronge seng,
Jenta i midten, på kvar side ein dreng.

Men ungdom og kåtskap fornekta seg ikkje,
Eg laut prøva meg, når det kom til stykkjet.
Så prøvde eg meg varsamt med handa,
og gissa så kvar ho endeleg landa.

Jau, handa mi møtte ei anna hand,
du var der allereide, min gode mann.
Så hendene våre har nok møttest før,
Hugsar du ikkje det, eg berre spør?»
21.04.2017.M-m.

 

2 kommentarer
    1. Oooooopsann!! Du er itte snau! Men : Je måtte jo glise….som vanlig!! 😉 Prestestanden er ikke nødvendigvis så mye “bedre” enn andre – DET har nå vist seg mer enn en gang!

    2. karidansen: Når jeg kom på den historia ble det for fristende å ikke sette den på rim. Nei, presten må ha meg unnskyldt, men de har jo vært “unge” de og en gang – i alle fall noen av dem…Ellers tok jeg meg litt dikterisk frihet.
      God helg…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg