Ei sein påskeoppdatering.

Kva årsaka kan vera har eg tenkt litt på. Er det rein giddeløyse, eller det at påskeveret her vest mest framsto som midtvinterver, eller har det kanskje si årsak i at gubben er såpass tilårskomen og skral at vegen til PC-en vart i lengste laget. Ikkje veit eg.

Som de ser vart løysinga å fylla kjipa med ved og fyra opp i ovnen, og ullsokkane laut hjelpa på fotevarmen. Den gamle rokken fekk kvila seg.

Jaja, ikkje for det. Eit og anna solgløttet vart det. Her ordnar Amanda til russeutstyret sitt på terrassen medan katten spring og gøymer seg. Gubben sit og hutrar med noko varmande i glaset.
Så over til påskematen. Påskelammet lar me liggja i dag, men desse ingrediensene sette eg ut på “fjesboka” slik at lesarane kunne gissa kva gubben hadde tenkt å røra i hop til middag.

Her var altså utgangspunktet, men kva vart resultatet?

Nei, dette vart nok for lett. Sjølv om det ikkje er typisk påskemat smakte bachalaoen godt, ifølgje gjestene. Men dei var kanskje berre høflege?
Eg har slite litt med å får potetene kokt utan at fisken løyser seg heilt opp i gryta. Eit tips kan vera å halvkoka dei før ein legg alle ingrediensene i gryta, det gjer koketida kortare.

Om pizza er påskemat eller ikkje kan sikkert diskuterast, men Andrea sin produksjon gjekk i alle fall ned på høgkant.

Her sit ein som korkje liker pizza eller bachalao, men i godstolen på terrassen kan han godt like å væra. 
Etter all versytinga i starten av dette innlegget skal eg vedgå at av dei ti påskedagane me hadde ute på “hytta” var det to gode soldagar ute på terrassen, så då må me vel seia oss nøgde.

4 kommentarer
    1. en må være glad for alle soldager en får ja,og pcen kan godt få kvile når det er fri og feriedager,var ikke på blogg jeg heller når huset var full av gjester.
      Vi var velsigna med sol nesten hver dag i påsken,bare en hel dag det var skyet,den dagen reiste gjestane og vi benyttet dagen til husvask,men fyameg det er kaldt ute uansett kor sola skinner,vi får krysse fingrane for att det snart blir varmere dager

    2. fruensvilje: Ja, det ble en storfamiliepåske hos oss også, og da spiller været ikke så stor rolle – spesielt når vi er bare voksne. Så påsken ble hyggelig, og vi hadde nok ved å fyre med.

    3. Sjå der, pøbelgrana vart berginga denne påska; godt og varmt i omnskroken. Vårherre har nok fleire dagar med ruskever på lager. I morgon skal eg over fjellet, så eg får sjølv røyne kva april kan by på av skiftande ver. Men eg skal ikkje berre over fjellet; eg skal også utpå havet i ferge i stiv kuling (dersom ferga går). Que sera sera!

    4. Pedro: Ja, varme av pøbelgran har eg for mange år framover. Skal du på havet i morgon trur eg at du får svinga deg, for vermeldingane spår friskt hav i nordvest. Eg trur at godstolen vert alternativet her.
      God tur, i alle fall, og hald deg fast i båtripa…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg