Desemberhymne 2016.


Google.

Desember 2016.

Dei jobba dag og natt med vårt budsjett,
millionar vart flytt fram og attende.
Statsministeren fekk det ikkje lett
for småpartia ville ha eit grønare lende.
Trine og Knut Arild var sur og forbanna,
bilpakka fekk nesten det heile å til stranda.

Ja, så vart dei då samde til slutt,
og me fekk eit grønare budsjett.
Etter veker og dagar med krangel og krutt,
vart endeleg sluttstreken sett.
Smilande einige på pressekonferansen
avslutta dei den årlege pengedansen.

Så kom eit framlegg av underleg slag,
er du skulesvak får du vitjing av NAV.
Der skal granskas din familienære dag,
er heimen din til for mykje stress og kav.
Skal NAV no også oppseda ungane våre?
då går byråkratiet over berg og båre.

Så er den årlege skulejulestriden i gong
og skulen må halda seg unna guds hus.
Juleordet må bort frå kvar julesong
og bannlyst vert julas orgelbrus
«Deilig er jorden» skal berre nynnast,
Men kan juleevangeliet enno forkynnast?

Endeleg kan me snakka med Kina,
etter seks kalde og ordlause år.
Det tok si tid innan isen fekk tina
og å løyst opp dei diplomatiske sår.
Men urettskap må me gå imot utan å tvile.
Det er viktig å ikkje verta heilt servile.

Så har Erna endra litt på laget.
Justis har fått enno ei asylkritisk røyst.
Då er dei to på det innvandrarkritiske laget,
det vert korkje Trine eller Knut til trøyst.
Styrer ho skuta mot valnederlag
og ryddar vegen for Jonas sitt lag?

Dette vert mitt siste månadsbrev,
pennen vert frå no lagd ned.
Alderen skal få det han krev,
politikarar og maktfolk skal  få fred.
Eg vil takka for alle gode kommentarar,
og finna godstolen som andre proletarar.
31.12.2016.M-m.
 

4 kommentarer
    1. Legg ikke ned pennen, kjære bror. Den gir og har gitt mange gode tanker og refleksjoner også for oss her i øst.
      Jeg kan nok ikke ta over skribleriene. Det har jeg ikke evner til. Men bilder kan jeg formidle på min blogg etterhvert.

    2. et flott resyme som alltid,du får med deg det som er verdt å få med seg )) og da eg ikke alltid er så flink til å følge opp nyhets sendingane så er det godt med disse månedlige på rim velsignede å lese )
      Ønsker deg og dine et riktig godt nytt år,håper du får mange gode og fine dager i det nye året

    3. fruensvilje: Takk, det samme til deg og dine. Jeg kommer nok til å fortsette bloggen, men månedshymnene vil det nok bli færre av.
      Ha en fin nyttårsfeiring.

    4. Broder’n i øst: Det kommer antakelig noen blogginnslag framover, men månedshymnene vil det nok bli færre av.
      Bare fortsett med bildeinnlegg du, det er du god på.
      God nyttårshelg og godt nyttår til dere alle,

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg