Stakkars Høgmo…???


Google…Vart det eit nytt tap?

Ja, me er nokon her i verda som lyt tåla meir motgong enn folk flest, og i år er du ein av kandidatane til tittelen, «årets mobbeoffer».
Tenk, fyrst å ta på seg ansvaret for at fotballaget vårt skal kunna kvalifisera seg til å eta kirsebær med dei største av alle avgudar, med Ronaldo og Messi i teten, for så å forsvarslaust å la seg offentleg piska av alle slags media og ukvalifiserte fotballsynsarar rundt kaffibord og på barkrakkar?Og all denne julinga for skarve to ? tre millionar i året.
Stakkars mann. Ikkje kunne han opna avisene før han vart fortald kor duglaus han var, godt påspedd med fjernsynselegien. Kvar gong han valde seg ut eit mannskap som skulle forsvara dei stolte norske forballfargene var det kjeft å få. Ingen skjøna seg på uttaket om han sette ein midtbanespelar til å spela spiss. Men det var vel ikkje anna å venta av alle dei ukvalifiserte forståsegpåarane han hadde rundt seg.
Når han så la inn balletttrening og diktlesing i treningsopplegget høyrde han berre storlåtten overalt. Kva hadde no dette med ein tøff forballsport å gjera, var kommentarane.
Stakkars trenar.
Så var det dette med å vinna forballkampar då. Nokre få vann han, men dei fleste «gjekk ad undas».
Det norske folket måtte då veta at sjukdom og skader kan vera til hinder for å ta ut det beste laget, og når så spelarar kunne finna på å byta klubb var det ikkje greitt å finna dei. Han kunne då ikkje verta kor dei beste var å finna.
Når me så endeleg greidde å koma oss under Færøyane på rankinglistene tykte han visst at denne duglause gjengen av fotballspelarar ville han ikkje bala med lenger. Difor sa han seg opp frå jobben sin. Men han hadde jo kontrakt halvanna år til så då laut han sjølvsagt få løn for denne tida også ? skarve 4 millionar. Så dette er summen Høgmo får for å halda seg borte frå landslaget vårt dei neste 18 månadene…
Jaja Høgmo. Det vart vel eit dugeleg plaster på såret med denne skjerven frå eit duglaust forballforbund som rota til kontraktformuleringande såpass mykje at dei laut ut med denne summen.
No får fotballens friviljuge ta til å lunka vaffeljarna så dei kan få inn att noko av denne fiaskosatsinga på det norske fotballandslaget.
Stakkars Høgmo.

Google Her sit me ukvalifiserte synsarane.


Google…Trøyehalding er ikke berre ein sport for gutar.

6 kommentarer
    1. Har jo så vidt fått med meg denne saken, men fotballtrenere har jeg ikke greie på, ikke fotball ellers heller..hehe.. Men fire millioner er litt av en sum uansett hva en jobber med..såpass har jeg greie på…. Fin kveld til deg :))

    2. Ha, ha, no lo eg. Ikkje har eg greie på fotball, skrur av tv når den viser seg på skjermen, men har jo fått med meg dette om den stakkars trenaren du skriv om. Tenk berre fire millionar for to heile år, kva skal mannen leve av, tru?

    3. annebe: Ja, han har til salt i grauten ei stund då! Elles er det godt gjort å sitja og ta i mot ein slik slump med pengar når “heile landet” meiner ha har gjort ein dårleg jobb.
      God helg…

    4. Kvifor ikkje ta seg ein ny trenarjobb for spe på økonomien, når han ikkje har noko anna å ta seg til. Desse jobbane ligg vel i millionklassen, og med eit par millionar ekstra må han vel halda svolten unna ei stund. Gamle ubrukelege trenarar får alltid ny jobb.
      Men så er spørsmålet: Vart han sagt opp, eller sa han sjølv opp? Normalt skulle heile millionløna gleppa, men NFF har tydelegvis flust med pengar, så han får vel det kameratane tykkjer han lyt få.
      Denne helga blir vel heller keisam, men neste helg er det cupfinale for alle pengane. Så er skisesongen i gang, og me får ro i sjela att.
      God helg!

    5. Pedro:Om du loggar deg inn på dagens BT og tek ein titt på dagens karrikatur av Marvin, då finn du ei god oppsummering der.
      Jau, NFF har plenty med pengar. Det er berre å lunka vaffeljarna rundt i landet, og skriva nye feite fjerrnsynsavtalar med gaffel…Då ordnar det seg sikkert med flyreiser på fyrste klasse og seksstjerners hotell også i framtida.
      For ikkje å snakka om å betala framtidige trenarfiaskoar med.
      Ha ein roleg dag framfor skåpet og fylg deri nyopna luftvegane på Beitostølen.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg